Når Pablo Escobar tilbyr nokon sølv eller bly, er det ikkje snakk om metallklumpar. Her spilt av Wagner Moura i Netflix-serien Narcos. (Foto: Skjermbilde fra Netflix)

Forskeren forteller: Pablo Escobars tilbod om «sølv eller bly» er verdas skumlaste ordspråk

Slik kan det å nemne namnet på to grunnstoff vera ein dødstrussel.

Forskeren forteller

Denne spalten gir plass til forskere, fagfolk og studenter som med egne ord forteller om sin og andres forskning. Vil du skrive? Ta kontakt på epost@forskning.no

Pablo Escobar, som mange i det siste har stifta kjennskap med i samband med Netflix-serien Narcos, er berykta for sin strategi for korleis handtera myndigheitene. Strategien er oppsummert i hans brutale motto Plata o plomo, som omsett til norsk vert «Sølv eller bly».

Korleis kan det å nemna namnet på to metalliske grunnstoff vera ein dødstrussel? Svaret er metonymi.

Bruker noko konkret for å seie noko abstrakt

Metonymi er ein viktig, men lite påakta del av språket vårt. Ved hjelp av metonymi kan vi bruka språket på nye måtar og med nye tydingar. I metonymi lèt vi noko stå for noko anna. Som regel er det snakk om konkrete og gjerne iaugefallande ting som inngår i – og som derfor kan stå for – meir abstrakte, komplekse eller forbigåande fenomen. Førstnemnde kallar ein ofte vehikkel, altså eit slags «transportmiddel», mens det abstrakte blir eit mål. Vi nyttar vehikkelen til å koma fram til målet, altså det vi eigentleg vil snakka om.

Det er enkelt å snakka om og å sjå for seg konkrete ting som vi kan observera direkte med sansane. Derfor er biletleg språk som metonymi og metafor kjenneteikna av at vi nyttar det konkrete for å snakka om det abstrakte.

Medan metafor inneber ei samanlikning av to ting som ikkje har noko konkret samband, er det i metonymi tett, konkret samband mellom dei.

Ein abstrakt storleik som døden kan til dømes metaforisk samanliknast med evig søvn, eller han kan symboliserast metonymisk med eit skjelett. Eit synleg skjelett er ein konsekvens av døden.

Fleire former for metonymi

Ei bokstaveleg tolking av at «pennen er mektigare enn sverdet» kan skape interessante situasjonar på kontoret.

Ordtaket «Pennen er mektigare enn sverdet», som eigentleg tyder «Kommunikasjon er meir effektivt enn vald», er eit metonymisk uttrykk. Pennen står for kommunikasjon, sidan vi tradisjonelt nytta penn til skriftleg kommunikasjon. Sverdet står for vald, sidan sverd er eit våpen med lange historiske røter. Instrumentet, i dette tilfellet penn og sverd, står for handlinga vi utfører med instrumentet, altså kommunikasjon og vald. Instrumentet er her vehikkel, og handlinga er målet.

Metonymiforskarar gjev ulike metonymitypar namn etter kva kategori vehikkel og mål tilhøyrer, og dei skriv namnet på metonymitypen med store bokstavar. I dette tilfellet heiter metonymien INSTRUMENT FOR HANDLING. Når Neil Young syng om «The needle and the damage done», står nåla metonymisk for heroinmisbruk, sidan ein nyttar sprøyte for å innta stoffet . Det norske ordet sprøytemisbrukar byggjer på den same metonymien: Det er strengt tatt ikkje sprøyter ein misbruker, det er heroin!

Tre ord med fleire lag

Så kva meinte Pablo Escobar eigentleg når han sa «Plata o plomo»? Sjølv om uttrykket bokstaveleg talt tyder ‘sølv eller bly’, tyder det eigentleg ‘pengar eller kuler’. Bodskapet til Escobar var «Ta imot stikkpengar eller ta imot kuler», eller meir utførleg: «Viss du ikkje lèt deg bestikka til å lata oss operera i fred, tek vi livet av deg».

Plata tyder både ‘sølv’ og ‘pengar’ i latinamerikansk spansk. Kvifor det? Fordi pengar tidlegare var laga av sølv og hadde verdi ut frå metallet. Dette er ein metonymi der eit materiale  står for eit produkt som var laga av materialet, altså pengar. Plomo kan på same måte tyda både ‘bly’ og ‘kuler’, sidan kuler tradisjonelt inneheld bly.

Sølv og pengar er sjølvsagt knytt til bestikkinga, det å betala nokon for å unnlata å gjera jobben sin. Bly og kuler er knytt til drapstrusselen. Vi har altså ein metonymi der materiale står for instrument, som igjen står for handling eller prosess, altså korrupsjon og drap. Uttrykket Plata o plomo er eit kort og konsist bokstavrim som oppsummerer Escobar sine metodar. Ved å nytta dette uttrykket gjorde han seg forstått utan å sløsa unødig med orda.

Språket vårt er fullt av metonymiar

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Vi har metonymiske namn for pengar på norsk òg. Namnet for den norske mynteininga er krone. Namnet kjem av at myntar har bilete av ei kongekrone på den eine sida. Dette er grunnen til at ordet krone kan bety anten heile mynten eller berre den sida av mynten som har bilete av ei krone, jamfør det å kasta mynt og krone om noko. Og krona som er avbilda på pengekrona, står på si side metonymisk for kongemakta. Krona er det tradisjonelle maktsymbolet til kongen, og kongen var tradisjonelt såkalla myntherre, det vil si myndigheita som stod bak utgjevinga av ein mynt.

Vi kan òg bruka ordet krone for å referera til kongemakta, til dømes i uttrykk som «å gjera krav på krona».

Språket vårt kryr av ulike metonymiar. Når vi snakkar om eit behov for fleire hender eller fleire hovud i ein bransje, meiner vi eigentleg folk. Og det er ikkje tilfeldig kva kroppsdel vi snakkar om.

Treng vi fleire hender, er det snakk om nevenyttige folk som kan utføra manuelt og praktisk arbeid. Den engelske varianten av ‘Alle mann på dekk’ er såleis «All hands on deck», sidan hand på engelsk kan bety ‘arbeidar’. Treng vi derimot fleire hovud, er det snakk om teoretisk arbeid, derav den moderne tydinga av ordet hovudjeger. Og viss nokon ønskjer seg fleire venstrebein, er vedkommande sannsynlegvis fotballtrenar.

Tidspunktet for ei hending kan stå for hendinga: Aldri meir 9. april seier vi, sjølv om den datoen kjem kvart år. Eit bygg kan stå for institusjonen som held til i bygget: Når Pentagon snakkar om boots on the ground, meiner dei bakkestyrkar. Og Pentagon kan strengt talt ikkje snakka. Pentagon er det femkanta bygget der USA sitt forsvarsdepartement held til. Her heime hender det sameleis rett som det er at slottet nektar å kommentera saker.

Kan vera høflege eller grufulle

I somme metonymiar er kompliserte årsaksforhold komprimerte ned til tilsynelatande enkle hendingar, som til dømes «Escobar terroriserte Colombia.» Escobar terroriserte ikkje Colombia åleine. Utan medsamansvorne , dei som valte plata framfor plomo, kunne ikkje Escobar fått til særleg mykje terror.

Metonymi kan nyttast til det meste, både det å trua nokon på livet eller å visa respekt. Å seia Plata o plomo til nokon er alt anna enn høfleg, men metonymi kan òg nyttast for å uttrykkja seg høfleg, som til dømes når vi ber andre gjera noko for oss. Evne til å gjera noko er ein naudsynt føresetnad for å gjera noko, og vi utnyttar det i metonymiske uttrykk som t.d. Kan du opna vindauget?, som er høflegare enn det ikkje-metonymiske uttrykket Opn vindauget!

Det er på tide å bli merksam på alle metonymiane som omgjev oss, både dei brutale, dei forenklande og dei høflege!

Powered by Labrador CMS