Annonse

Teknologi i bil kan føre til ulykker

–Ikkje prøv ut funksjonar du ikkje er kjent med mens bilen er i bevegelse, rår NAF.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Nye avanserte funksjonar i bilen kan distrahere føraren og føre til ulykker, fryktar trafikkforskarar. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:



 

Denne saken er produsert av NRK.

Australske bilforskarar har berekna at dei neste 5 åra vil om lag 900 menneske miste livet eller bli skadd i bilulykker berre i staten Victoria på grunn av teknologiske distraksjonar. Victoria har om lag like mange innbyggarar som Noreg.

–Vi ser ei stor auke i teknologi i bilane no, enten det er mobilen du tar med deg inn i bilen, eller nye bilar som er produsert med eit breitt spekter av innebygd teknologi, seier Mark Stevenson til NRK. Stevenson er leiar av Senter for ulykkesforsking ved Monash University.

–Viss sjåføroppgåva blir utfordra av alle desse innretningane, kan dei faktisk bli skadelege, men det kan vi enno ikkje svare på. Det er eit arbeid som det hastar med å gjere, seier Stevenson.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS