– I den situasjonen me er i no, så er det framleis svært viktig at alle dyra får den maten og det stellet som trengst, seier Espen Engh som er avdelingsleiar for Dyreavdelinga ved Institutt for medisinske basalfag, UiO.
(Foto: Det medisinske fakultetet/UiO)
Korona: – Det er viktig at forsøksdyra har det godt
Det er endå strengare enn før koronakrisa å koma inn til forsøksdyra. – No prioriterer me dyrevelferd og dyrehelse, seier avdelingsleiar Espen Engh hos Dyreavdelinga til Institutt for medisinske basalfag, UiO.
I dag er det 11 personar som arbeider og tar seg av forsøksdyra på Dyreavdelinga ved Institutt for medisinske basalfag. Der er både rotter og mus viktige deltakarar i forskingsprosjekt.
Etter koronakrisa har alle rutinane blitt endra og dei er blitt langt meir restriktive enn før, opplyser avdelingsleiar Espen Engh til Uniforum.
– I den situasjonen me er i no, så er det framleis svært viktig at alle dyra får den maten og det stellet som trengst. Forskarane som driv forskingsprosjekta kjem berre inn på bestemte tidspunkt. Og det må vera godt planlagt, seier Espen Engh.
– Slepp inn berre ein forskar om gongen
Koronaviruset spreidde seg opprinneleg frå dyr til menneske på ein dyremarknad i byen Wuhan i Kina. Det er derfor strenge rutinar for å hindra smittespreiing på Dyreavdelinga i Domus Medica på Gaustad.
– Me slepp berre inn ein forskar om gongen, aldri to. Samtidig skal det berre vera ein person i garderoben og slusa inn til avdelinga, og dei som er der skal alltid halda ein god avstand seg i mellom. Og det er alltid to personar på jobb som tar seg av dyra, fortel han til Uniforum. Dei forskarane som ynskjer å koma inn til dyra må no søkja om det elektronisk.
– Ja, dei må senda inn ein søknad til instituttleiar Lene Frost Andersen som så bestemmer om ho vil gi dispensasjon til dei som ber om det. Så langt er det mange som har fått det, seier han.
Set ikkje i gang nye forsøk
Ein ting som er endra samanlikna med korleis det var der var før, er at det ikkje lenger blir sett i gang nye forsøk.
– Og derfor brukar me heller ikkje nye dyr akkurat no. Det viktigaste for oss er å ta godt vare på dyra. Derfor fylgjer med dei tre R– ane: Replacement, reduction og refinement. Det vil seia at om mogleg erstattar med dyreforsøk med datamodellar når det er mogleg, me brukar ikkje fleire dyr enn naudsynt og dei dyra som blir brukte skal ha det best mogleg, understrekar han. – Me ynskjer ikkje at dyra i forsøka skal bli brukte til fånyttes. Då vil me bryta med dei tre R– ane, slår han fast. Nettopp derfor er det viktig for han og dei andre på dyreavdelinga å halda fram som før.
I karantene
– Om me ikkje hadde oppretthalde drifta, ville mange dyreforsøk ha blitt utførte til ingen nytte. Men ingen personar kjem inn på dyreavdelinga utan at avdelingsleiaren eller instituttleiaren har gitt løyve til det. Me som jobbar der har sjølvsagt alle fått dispensasjon for å kunna vera fysisk til stades i Dyreavdelinga, seier han. Sjølv har han snart vore i karantene i to veker i heimen sin i Lier i Viken.
– Heldigvis er det berre eit par dagar igjen, før eg kan koma meg ut og ta ein tur på jobben, seier han til slutt.
– Alle forsøk er sette på vent eller avslutta
Ei av dei som brukar forsøksdyr i forskinga si er professor Marianne Fyhn ved Seksjon for fysiologi og cellebiologi på Institutt for biovitskap, UiO. Ho er kjent for å ha samarbeidd nært med nobelprisvinnarane i medisin Edvard Moser og Maj- Britt Moser i arbeidet med å finna stadsansen.
Då brukte forskarane rotter og mus som forsøksdyr. Dei to nobelprisvinnarane var rettleiarane hennar då ho tok ph.d.-graden på NTNU. Doktorgraden hennar blei kåra til verdas beste i nevrobiologi i 2005. Den handla om korleis stadsansen fungerer.
For Marianne Fyhn er det viktig å vita at dyra i dyreavdelinga på seksjonen får godt tilsyn under koronakrisa.
– Dyra er tekne godt vare på av dyrepassarane i avdelinga. Det er berre eit par forsøk me har fått høve til å sluttføra enno i ei veke til. Dette var forsøk som var ein del av ein lengre forsøksserie som det var spesielt viktig å kunna sikra og gjennomførast av to svært erfarne forskarar. Elles er alle forsøk sette på vent eller avslutta, fortel ho i ein epost til Uniforum . Ho veit at det står bra til med dyra.
– Dyra har godt med mat og vatn og får tilsyn kvar dag. Me har også laga ein beredskapsplan med godt kvalifisert personell som kan sjå til dyra i tilfelle nokre av dyrepassarane skulle bli sjuke eller koma i karantene.
– Er det endå strengare tiltak for å få koma inn og ut til dyra no enn før?
– Me hadde allereie svært strenge rutinar for å koma inn til dyra. Dette for å verna dyra mot uønska smitte, men også for å verna personalet og brukarane. Gnagarar er svært allergene og me har mange tiltak for å forhindra at ein utviklar allergi. For å koma inn i avdelinga må ein skifte frå topp til tå og ta på seg arbeidstøy og personleg verneutstyr som hårnett, maske, hanskar og eigne sko. Så for dei få personane som no går ut og inn av avdelinga er det ingen skilnad frå tidlegare, seier ho.
– Dei kan kjeda seg
Marianne Fyhn er ikkje sjølv i avdelinga akkurat no, men ho er i beredskap dersom dei skulle trengja henne. Ho veit at dyra har alt dei treng, men ho trur dei synest livet er blitt for stilleståande.
– I forskinga vår vert dyra trente i ulike åtferdsoppgåver mot belønning. Me brukar mykje tid på å gjera dei fortrulege til menneske og no når desse daglege aktivitetane er borte, kan dei nok kjeda seg. Dei bur derimot saman, og dei har løpehjul, hus og små leiker, så dei skal ha det greitt, trur ho.
Det som Marianne Fyhn meiner lir endå meir av at mykje er sett på vent under koronakrisa, er mange av dei forskingsprosjekta som er sette i gang. Nokre av dei som involverer forsøksdyr, har dei måtta stansa.
– Som for all eksperimentell forsking er det heilt kritisk for oss at me ikkje kan utføra planlagde forsøk. Me har måtta avslutta forsøk det har tatt oss månader å setja opp og sjølv om me kunne starta igjen i morgon, er me allereie no sette minst eit halvt år tilbake. Me har mus som har vore trente dagleg i fleire månader og no som dei endeleg forstod oppgåva og me skulle finna ut kva hjerneområde som var viktige for minnelæring, måtte me avslutta, peikar ho på.
– Svært ugunstig tidspunkt
Marianne Fyhn trekkjer også fram at koronakrisa begynte akkurat då dei nettopp hadde kome ordentleg i gang igjen etter eit halvtanna år med renovering og stenging av avdelinga.
– Forskarane våre hadde derfor ikkje særleg med data å jobba med, men hadde så mykje i oppstart, så dette kom på eit svært ugunstig tidspunkt. Så for kandidatane våre, dei fleste PhD– studentar og postdoktorar, og for all forskingsaktiviteten vår, er det kritisk for oss om det går lang tid før me kan ta opp igjen aktiviteten. Forskingsprosjekta blir nok dessverre sette mykje lenger tilbake enn berre den tida me ikkje får gjort noko i laboratoriet, varslar ho.
Denne saken ble først publisert i Uniforum.