Kulde gav rundorm lenger liv
Forskarar fann at eit genetisk program for langt liv blei aktivert av kald luft.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarar ved University of Michigan Life Sciences Institute har funne at kulde kan skru på eit genetisk program som fører til lenger liv hos rundormen C. elegans.
Funnet gir ny innsikt i kvifor vekselvarme dyr lever lenger i kalde omgivnader, samtidig som det kanskje også fortel noko om oss sjølve:
Det same genetiske programmet finst nemleg også hos menneske. Kanskje kan kulde skru på desse genane hos oss også?, spør forskarane bak funnet seg.
_____________________