Utan segl på skipa hadde ikkje vikingane kome seg av flekken. Medan mennene som bygde skipa har sine namn i historiebøkene, er ikkje kvinnene som laga segla til skipa nemnt med eit ord. (Illustrasjon: Wikimedia Commons)

Vikingkvinnene som forsvann

Kvinnene i vikingtida var viktige samfunnsaktørar, langt utover husfrue- og morsrolla. Kvifor er det knapt nemnt i historiebøkene?

– Om ein går til den klassiske faglitteraturen, så koker vikingtida ned til vikingekspedisjonar, kongar, våpen og slag, seier vikingforskar Nanna Løkka.

– I den graden kvinner blir nemnt, blir dei plassert i ein kvardagskontekst, med barn, handarbeid og heimeliv. Så når ein skal summere opp vikingtida, så fell dei ut eller blir putta i eit eiget avsnitt, fordi det ikkje verkar så veldig spanande eller spektakulært.

I den ferske antologien Kvinner i vikingtid går 16 kvinner og éin mann i rette med den vante, saga-inspirerte forteljinga om tidleg, norsk mellomalder, prega av hærtokta til kongar og stormenn. 

Kvinner i vikingtid tek for seg dei mange kvinnerollene i eit samfunn der ikkje berre mennene hadde politisk makt og påverknad.

I boka går det fram at kvinnene slett ikkje alltid var stua inne i heimesfæren, men også deltok aktivt i det offentlege livet, med berande roller innan handel, tekstilproduksjon, legekunst og religionsutøving.

Ingen nemnt, alle gløymd

Både sagaer og skulebøker fortel om kor mange sesser – benkar for roarane – byggmeister Torberg Skavhogg utstyrte skroget til Ormen Lange med, det legendariske skipet til Olav Tryggvasson. Kvinnene som vov seglet er på si side ikkje nemnt med namn.

– Vikingane kunne jo ikkje oppdaga England om ingen hadde vove segla på skipa. Det er eit kjend faktum at vikingane var langt framme når det gjaldt skipsteknikk. I ein episode av tv-serien «Vikings» blir det til dømes gjort eit stort nummer ut av ankeret på skipet. Men seglet blir ikkje nemnt med eit ord, fortel Løkka.

Tekstilproduksjonen var mest sannsynleg organisert i makthierarki der kvinner leidde andre kvinner i eit omfattande samarbeid.

Ein har knytt ein heil periode og eit heilt samfunn til vikingtoktene, sjølv om også berre ein liten del av mennene faktisk drog i viking, ifølgje vikingforskar Nanna Løkka. (Foto: Universitetet i Oslo)

– Det å lage eit segl på 100 kvadratmeter til dei store vikingskipa kravde 200 kilo ull frå om lag 2000 sauar, og hundrevis av arbeidstimar. Da er det ikkje lenger snakk om ei småskala familiebedrift.

Lærebøkene på vidaregåande er verst

Forskaren hevdar at modellane som blir brukte for å forstå vikingtida skuggar over kvinners påverknad og bidrag. Dette blir særleg tydeleg i historiebøkene i den vidaregåande skulen.

Berre ei av dei seks mest brukte lærebøkene frå 1990- og 2000-talet har eit eige avsnitt om kvinner, ifølgje Løkkas gjennomgang.

– I den graden kvinnene dukkar opp i den generelle faglitteraturen, er det som regel i form av stereotypien av husfrua, knytt til garden og heimen, og ikkje som ein del av dei viktige samfunnsprosessane, seier Løkka.

I standardforteljinga om vikingtida vert garden sett på som den minste, men også viktigaste eininga. Andre viktige institusjonar i vikingsamfunnet er ætta, høvdingdømmet og tinget.

Det er vanleg å knyte kvinna til garden og den private sfæren, og mannen til det offentlege livet. Kjønnsrollene blir difor ofte skildra med utgangspunkt i omgrepsparet inne – ute, for å vise skiljet mellom arbeidsoppgåvene til kvinner og menn.

– Det er ikkje det at den vanlege framstillinga ikkje er gangbar, men ho gjer at vikingtida blir karakterisert av dei mannlege aktivitetane. Vikingsamfunnet hadde etter alt å døme også andre sosiale skiljelinjer og hierarki der kvinner i større grad trona på toppen, seier Løkka.

Husfrua som bedriftsleiar

Nyare forsking viser til dømes at det å vere husfrue kunne vere ein ganske omfattande jobb, spesielt om ein budde på ein større gard.

Høvdingsetet på Borg i Lofoten, den største høvdinggarden ein kjenner til, var til dømes over 80 meter lang – berre 20 meter kortare enn Nidarosdomen. Ein typisk høvdinggard kan ha hatt langhus på om lag 50 meter. Eit gjestebod på ein stor høvdinggard kunne fort omfatte 150 personar, som alle skulle ha mat og drikke.

– Å drive ein slik gard er jo som å drive ei mellomstor bedrift – desse husfruene kan best forståast som bedriftsleiarar, seier Løkka.

Dimed kan ein også spørje seg om kor vidt eit slikt gjestebod eigentleg høyrde til den såkalla private sfæren. I samband med gjesteboda vart avtalar inngått, politikk meisla ut og nye alliansar knytte.

Var ikkje maten eller drikka god nok, kunne det bere med seg diplomatisk krise og vanære. Kvinnene som lagde og bar fram maten spela dimed ein viktig, offentleg funksjon.

Høvdingsetet på Borg i Lofoten er den største, kjende høvdinggarden ein kjenner til. I dag held Vikingmuseet Lofotr til i ein rekonstruksjon av garden. (Foto: Jörg Hempel/Wikimedia Commons)

Mest sannsynleg har nyare vikingforsking gjort kategoriar som inne/ute og privat/offentleg avleggs, skriv Løkka i boka Kvinner i vikingtid.

Vondsinna sagakvinner

Det hjelp ikkje at kvinnene som posisjonerte seg til topps i det mannlege krigarhierarkiet, ofte vart heftig propagandert mot av dei seinare sagaforfattarane. Det gjeld mellom anna dronning Gunnhild, som etter sigande gjekk i lære hjå samiske trollmenn og styrte hærtokta til sønene sine etter at mannen hennar, Eirik Blodøks, vart driven frå Noreg og seinare drepen.

Eit like dårleg rykte fekk Alfiva, de facto herskar over Noreg tidleg på 1000-talet, som gjorde seg upopulær med å innføre nye lover og skattesystem.

Vikingsvermeri som nasjonsbygging

Nanna Løkka peikar på at nemninga vikingtid på mange måtar er ein 1800-talskonstruksjon, forma i tråd med dei rådande nasjonalromantiske ideala på den tida.

Historikar Jørgen Haavardsholm har til dømes peika på at vikingtid som nemning på ein historisk epoke kan knytast til ein politisk prosess der målet var å skape ein nasjon med ei felles og stolt fortid, med vikingane som maskuline og kompromisslause heltar og eventyrarar.

– Ein har knytt ein heil periode og eit heilt samfunn til vikingtokta, sjølv om også berre ein liten del av mennene faktisk drog i viking. Det har gitt epoken ein maskulin valør, som stiller den kvinnelege halvdelen av befolkninga i skuggen, hevdar Løkka.

Farvel til vikingtida?

Den nasjonalromantiske arven er ein av grunnane til at ein ny generasjon historikarar i historieverket Norvegr frå 2011, valde å bruke den meir nøytrale og europeiske nemninga tidleg middelalder. Arkeologane på si side, har i hovudsak alltid har brukt nemninga yngre jernalder.

– Er det vegen å gå?

– Eg har enda opp med å bruke nemninga vikingtid, mest fordi folk skal skjøne kva eg jobbar med. Dessutan er jo vikingtida noko som sel og får merksemd. Men det er klart det er ein ambivalens i dette.

Powered by Labrador CMS