Studie på gambler-rotter gir håp om kur for spelavhengigheit

Rotter hekta på spelautomatar vart mindre spelavhengige med medikament, ifølgje ny studie.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Medikament som blokkerer dopaminsystemet i hjernen kan hjelpe spelavhengige, tyder ny studie på. (Foto: Clipart)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Forsøksdyr blir utsett for mykje rart, men forsøket ved University of British Columbia tar kanskje kaka. Her designa psykologar eit rottekasino der forsøksdyra kunne gamble for sukkerpellets på ei spelautomat som minna om einarma banditt.

Ifølgje forskarane utvikla rottene etter kvart ei åtferd som minna om spelavhengigheit hos menneske, blant anna ein tendens til å tolke tap som nesten-gevinst, “near misses”.

Forskarane viste deretter at dei kunne redusere spelavhengigheit-åtferda hos rottene ved å blokkere ein reseptor kalla dopamin D4 som er knytt til hjernens belønningssystem.

– Det trengst meir forsking på dette, men desse funna gir nytt håp om å kunne behandle spelavhengigheit, som er eit stadig større problem i befolkinga, seier PhD-student Paul Cocker som er hovudforfattar på studien som er publisert i i Biological Psychiatry.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS