- Berekraftig byutvikling fordrar at vi finn gode måtar å leve med forskjellar på, utan at det skapast større sosial og økonomisk ulikheit, skriv kronikkforfattarane.

Korleis skal vi leve saman i byer som blir meir mangfaldige?

Kronikk:

Aukande migrasjon gjer at byane i nord får ei stadig meir samansett befolkning. Dette utgjer både muligheiter og utfordringar.

1.3 2017 04:00

Berekraftig byutviking fordrar at vi finn gode måtar å leve med forskjellar på, utan at det skapast større sosial og økonomisk ulikheit – som igjen kan føre til frykt og konflikt. Korleis kan auka mangfald styrke lokal utvikling?

Om vi skal kunne leve saman som forskjellige men likeverdige i fleirkulturelle byar, treng vi å skape nye fortellingar om eit nytt og utvida vi.

Muligheiter og utfordringar

Nyleg deltok vi på konferansen «Governing Urban Diversity» i Rotterdam, Nederland. Her utveksla forskarar, forvaltarar og frivillige erfaringar frå integreringsarbeid. Det blei presentert studiar av muligheitene og utfordringane i å skape inkluderande byar med døme frå ei rekke europeiske byar.

Her snakkar dei om «hyper-diversifiserte» byar, kor innvandrarar kan utgjere 50 prosent av den totale befolkninga og klasseforskjellar og livsstil kryssar etniske grupper. Eit viktig bodskap var at mangfald kan vere ein styrke for byane og føre til entreprenørskap og nyvinning.

Forsking viser at byane i sin politikk er langt meir positive til dette mangfaldet enn nasjonal politikk. Det er mange døme på byar som er villige til å ta imot fleire flyktningar, medan nasjonale styresmakter seier nei. Byane har gjerne ei meir pragmatisk og muligheitsorientert tilnærming til mangfaldssamfunnet.

Mangfald i nord

Også i nord blir byane meir mangfaldige, og kommunane søkjer å omsette dette til ressursar for eiga utvikling. I Tromsø og Bodø, som vi studerer, utgjer innvandrarar ein aukande del av befolkninga. I Tromsø budde det pr. første januar i fjor 9508 menneske med innvandrarbakgrunn, frå 135 forskjellige land. Det utgjer 12,9 prosent av befolkninga. I Bodø utgjer innvandrarbefolkninga på 4658 personar 9,2 prosent av befolkninga.

Den såkalla flyktningekrisa i 2015 utløyste eit stort engasjement blant folk. Ei rekke nye initiativ blei etablert og mange tok i bruk byrom på nye måtar for å skape meir inkluderande samfunn.

I samarbeid med Tromsø og Bodø kommune samt ei rekke frivillige organisasjonar og kulturnæringsbedrifter utforskar vi slike initiativ i forskingsprosjektet Innovasjon i integrering.

I Bodø kan ein til dømes gå på Stormen bibliotek og leige seg ein bodøværing, medan ein på biblioteket i Tromsø kan gå på språkkafé for å praktisere norsk og bli kjent med nye menneske. Gjennom kulturtilbod som Fleire Fargar i Bodø møtast folk med ulik bakgrunn og deira kulturuttrykk blir brukt som ressurs i ei feiande førestilling med sang, musikk og dans.

Slike initiativ ser vi også andre stader: I Alta er det «speed-dating» på Åpent Hus, nettstaden PurpleDinner.com samlar framande til felles middag hos asylsøkarar rundt om, og i Harstad møtes nordnorsk, syrisk og afghansk ungdom på Teatercamp. Frivillig engasjement er ein nøkkel for å lykkast i slikt integreringsarbeid.

Viktig at lokale styresmakter støtter opp

Forskinga viser betydninga av at lokale styresmakter støttar lokale initiativ, samtidig som det er fleksibilitet nok til å utforme tiltak på lokale premiss. Slike initiativ er med på å skape meiningsfylte møter, og kan også bidra til å bryte etablerte handlingsmønster og skape noko nytt.

Mykje kreativitet kan utløysast i slike møter. Dei mange lokale initiativa gjer mangfaldet i byen synleg for fleire, på nye måtar og kan bidra til at byen opplevast som trygg.

Det fleirkulturelle gjer byane spennande. Ei utfordring er å unngå større sosial ulikheit.

Å ta høgde for å leve med forskjellar i byplanlegging krev at vi har nokre normer om rettvise til å guide oss.

Ruth Fincher, australsk nestor i byplanlegging, argumenterer for at vi må fokusere på tre normer. Vi må redusere økonomiske forskjellar, det må vere positiv anerkjenning av ulike grupper, og vi må legge til rette for samhandling på tvers av skiljelinjer.

Ulike byrom kan takast i bruk til dette på ulike vis. Biblioteka er gode eksempel: dei kan både utlikne forskjellar, anerkjenne forskjellar og romme nye møter.

Eit nytt, utvida «vi»

Tidligare byråd i Rotterdam, Korren Louves, utfordrar ideen om integrering. Ho spør kven skal integrerast av kven, til kva? I staden argumenterer ho for at vi må arbeide for ei ny og inkluderande forteljing om byane våre – og meiner at vi ser ei sosial rørsle mot «eit nytt vi».

Auka mangfald reiser nye spørsmål om identitet og kjensla av å høyre til. Migrasjon er komplekse prosessar, som omfattar kjensle av tap av ei verd som er kjent. Først og framst for dei som reiser frå sitt, men også mottakarsamfunna opplev at det kjente utfordrast.

I ei tid der delar av den offentlige samtalen er prega av å bygge murar, er det viktig å løfte fram dei mange stemmane som fokuserer på korleis immigrasjon kan vere eit reiskap for utvikling. Det er dei som lagar nye møteplassar og felles opplevingar. Gjennom ulike tiltak blir det skapt nye møteplassar og felles opplevingar, som utforskar korleis ein kan arbeide for eit nytt inkluderande vi.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.