Risikoen er større for å få en ADHD-diagnose for norske barn som er født etter sommerferien. (Foto: Shutterstock / NTB scanpix)

Debattinnlegg: Jo, det er ein vesentleg skilnad på å lære første og andrespråk

Det er svært viktig at fagfolk ikkje legg grunnlag for ein myte om at barn lærer mange språk like godt samtidig, automatisk og av seg sjølv.

Den 28. august publiserte forsking.no ein kronikk av Kristin Føster Hagemann og Karine Stjernholm. Vi stiller oss heilhjerta bak deira ønske om at barn skal få lære fleire språk tidlegare i skuleløpet og ønsket om ei endå sterkare satsing på språkfaga i skulen. Men i argumentasjonsgrunnlaget til kronikkforfattarane er det sett fram ein påstand som vi meiner ikkje kan stå utan ein kommentar.

Hagemann og Stjernholm skriv at «Det er ingen stor forskjell på første- og andrespråk» og at «Sannheten er at forskning på språklæring viser at det ikke er prinsipielle forskjeller mellom det å lære et første- eller andrespråk».

Andrespråkslæring skjer når ein startar å lære eit språk etter at ein allereie har tileigna seg heilt eller delvis systemet i eit eller fleire andre språk, førstespråk(a). Framandspråkslæring er også andrespråkslæring, men begrepet blir oftast brukt om læring av nye språk i ein kontekst der språket ikkje er språket i samfunnet rundt, men der læringa først og fremst skjer til dømes som klasseromsundervisning.

Skilnader med stor betydning for læring

Det er riktig at barn og vaksne som lærer eit andrespråk, lærer andrespråket ved hjelp av dei same mekanismane som ligg til grunn for førstespråksutvikling. Dette gjeld anten om vi vil forstå mekanismane som resultat av ein medfødd språkmodul, eller som resultat av våre generelle kognitive mekanismar og evner til å tileigne oss komplekse ferdigheiter. 

Men det er også vesentlege skilnader, skilnader som er av stor betyding for læringsprosessen og utfallet av den.

På den eine sida er erfaringsgrunnlaget heilt ulikt ved desse to typane språkutvikling. Når ein startar å lære eit førstespråk, lærer ein seg også ein grammatikk og eit ordforråd. Ved andrespråkslæring har ein fordelar av desse kunnskapane. På den andre sida har nyare forsking på alder og språkutvikling vist oss at evna til å lære språk gradvis blir svakare dess seinare innlæringa startar.

Det kan sjå ut til at sjølv små forseinkingar i når ein startar språklæringa, kan påverke korleis språket blir lært, kor mykje som blir lært og kor fort det blir lært. Å starte å lære eit språk etter førstespråket eller -språka heilt eller delvis er tileigna, har altså ulike konsekvensar for språklæringa på andrespråket.

Barn lærar ikkje mange språk like godt automatisk

Kvifor pirkar vi på dette når vi i alt i alt stiller oss bak  Hagemann og Stjernholm sitt hovudpoeng om å introdusere fleire språk tidleg i skulen?

Fordi det er svært viktig å vere medvitne om denne skilnaden mellom første- og andrespråksutvikling. Og det er svært viktig at fagfolk ikkje legg grunnlag for ein myte om at barn lærer mange språk like godt samtidig, automatisk og av seg sjølv.

Barn er utan tvil disponerte til å lære språk effektivt og til å lære fleire språk samtidig. Men forsking viser også at både hos barn som lærer fleire språk samtidig frå fødselen av (simultant fleirspråklege barn), og hos barn som startar å lære eit nytt språk først etter dei har lært eit eller fleire førstespråk (suksessivt fleirspråklege barn), er det ein tendens til at språka utviklar seg ulikt. Det eine språket blir gjerne sterkare enn det andre, mens utviklinga på det andre kan vere svakare eller til og med stoppe opp.

Forskarar set dette i samanheng med moglegheitene barna har til å få støtte på alle språka, og til å møte og bruke alle språka sine i varierte situasjonar. God fleirspråkleg utvikling går nemleg ikkje av seg sjølv, særleg ikkje i dei tilfella der det er snakk om andrespråksutvikling der barna møter andrespråket først og fremst utanfor heimen.

Å sikre at barn får utvikle andrespråket til eit nivå der språket kan brukast til å dekkje dei funksjonane eit førstespråk kan, er fullt mogleg. Men det krev hardt og målretta arbeid både frå foreldre og pedagogar i barnehage og skule, det krev kompetanse blant tilsette i barnehage og skule på fleirspråkleg utvikling og andrespråksutvikling, og det føreset midlar til ekstra språkstyrking til dei barna som treng det.

Powered by Labrador CMS