Sollys kan senke blodtrykket

Ny forsking kan forklare kvifor det er mindre risiko for hjarte- og karsjukdommar i dei lyse delane av året.
24.1 2014 05:00


Hud som blir utsett for sollys frigir stoff som senkar blodtrykket, viser ein ny studie.

For kvar dag som går får vi no nokre minutt ekstra sollys. No viser ein ny studie at ein dose solskin ikkje berre er bra for å oppgradere hudfargen frå blåkvit til meir menneskeleg, det kan også minke risikoen for hjarteanfall og slag.

Forskarar ved University of Southampton og University of Edinburgh har funne at når sollys treffer huda blir blodtrykket senka som følgje av at huda tømmer sitt lager av det blodtrykkseinkande signalstoffet nitrogenoksid (NO) over i blodkara.

Nitrogenoksid saman med sine nedbrytingsprodukt er kjent for å vere involvert i regulering av blodtrykket.

– Når huda blir utsett for solskin, blir små mengder av nitrogenoksid overført frå huda til blodomløpet, noko som minkar spenninga i blodkara slik at blodtrykket søkk. Og i takt med at blodtrykket fell, minkar også risikoen for hjarteanfall og slag, fortel professor Martin Feelisch ved Experimental Medicine and Integrative Biology ved University of Southampton i ei pressemelding.

Hjarte- og karsjukdommar står for om lag 30 prosent av alle dødsfall på globalt nivå kvart år, og det er kjent at det er fleire dødsfall og større hyppigheit for slike sjukdommar om vinteren enn resten av året.

I studien som er publisert i Journal of Investigative Dermatology føreslår forskarane altså at solas innverknad på huda vår kan vere ein del av forklaringa på denne årstidsvariasjonen.

Lys frå UV-lampe

Forskarane ved universiteta i Southampton og Edinburgh utsette 24 forsøkspersonar for ultrafiolett lys frå UV-lamper i 20 minutt.

I eit studiesett vart forsøkspersonane utsett for både varmen og UVA-strålane frå lampa, mens i eit anna forsøk vart UVA-strålane blokkert slik at dei frivillige berre vart utsett for varmen.

Forskarane fann at eksponering for UVA-stråler vida ut blodårene, førte til blodtrykkreduksjon, og endra nivået av nitrogenoksid-metabolittar (nedbrytingsprodukt) i blodsirkulasjonen.

– Vi trur at nitrogenoksid frå huda er ein viktig og til no oversett bidragsytar når det gjeld helsetilstanden til hjartet og blodårene, seier Feelisch.

På bakgrunn av dette funnet meiner forskarane bak studien at det kan vere på tide å sjå på råda som blir gitt når det gjeld å utsette seg for sollys.

– Å unngå for mykje sollys er viktig for å hindre utvikling av hudkreft, men viss ein ikkje får noko sollys på kroppen i det heile tatt, kan det auke risikoen for hjarte- karsjukdommar, meiner Feelisch.

– Interessant hypotese

Professor Bent Indredavik ved Institutt for nevromedisin ved NTNU synest hypotesen er interessant, og at samanhengen høyrest plausibel ut.

Likevel tvilar han på at dette er den einaste forklaringa på årstidsvariasjonen for hjarte- og karsjukdommar.

– At det er større hyppigheit av hjarte-karsjukdommar i den mørke årstida har også vore knytt til andre faktorar, seier Indredavik til NRK.no.

– Om hausten og vinteren får vi fleire infeksjonar, og det kan trigge blodproppdanning. I tillegg er kulde i seg sjølv ein faktor som trekkjer saman blodårer og hever blodtrykket, fortel han.

Indredavik minner om at ein kortvarig blodtrykkseinking ikkje vil ha stor innverknad. Det å ha høgare blodtrykk over lange periodar, gjerne mange år, er det som verkeleg har ein faktor på risiko for hjarte- karsjukdommar.

– Det står nok enno att ein del forsking før ein kan eventuelt kan forklare kor mykje dette betyr i eit folkehelseperspektiv, seier han.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

I samarbeid med: