Nytt fra akademia

Store midlar til internasjonalt utdanningssamarbeid

14.3 2017 09:52

hoeyere-utdanning-lattermilde-studenter.jpg

SIU lyser ut 136 millionar kroner til internasjonalt utdanningssamarbeid.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) lyser ut midlar i seks ulike program som retter seg mot høgare utdanningssamarbeid med land utanfor EU.

Den samla utlysinga er på over 130 millionar kroner.

Dei seks ulike programma støttar utdanningssamarbeid som er fagleg forankra ved institusjonane. Ein kan få støtte til aktivitetar som internasjonal mobilitet av studentar og forskarar innanfor prosjektsamarbeid, utvikling av felles kurs og program, samt seminar, workshops og liknande.

Alle programma støttar aktivitetar som knyter utdanning tettare opp mot arbeidslivet gjennom til dømes praksismobilitet.