– Statsbygg bør overta universitetsbygningane

Universitetet i Oslo har no eit etterslep på vedlikehald på 8,5 milliardar kroner

Universitetet i Oslo har no eit etterslep på vedlikehald på 8,5 milliardar kroner. Og etterslepet aukar med ein halv milliard i året, skriv Uniforum. 

I dag er ein tredel av bygningane til UiO i så dårleg stand at dei må rehabiliterast. Det gjeld i høgste grad museumsbygningane til både Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum.

Direktør Arne Bjørlykke ved Naturhistorisk museum meiner difor at det er på tide å sjå nærare på om eigedomsmassen til UiO er organisert på rett måte.

– Statsbygg bør overta og administrera alle bygningane til UiO. Ja, faktisk kan dei overta bygningane til alle universiteta. Då kan dei anten organiserast innanfor dagens Statsbygg eller i eit eventuelt, nytt statleg selskap som kan kallast Universitetsbygg A/S. Med ei profesjonell organisering av bygningsmassen kan universitetsleiinga konsentrera seg meir om kjerneoppgåvene til universitetet, altså forsking og undervisning, er han overtydd om.

Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum har ein stor del av dei bygningane som treng rehabiliterast. – I ein kommentar i årsmeldinga til UiO frå 1977 står det at når veksthuset er ferdig, vil det vera ei prioritert oppgåve å rehabilitera dei gamle bygningane til musea på Tøyen. Faren min fortalde meg at det allereie på 1930-talet var ein stor sprekk i kjellargolvet i Geologisk museum. Den sprekken er framleis ikkje reparert. Begge desse døma viser at forfallet er eit gammalt og slett ikkje noko nytt problem, konstaterer Bjørlykke

Les heile saka på Uniforum

Powered by Labrador CMS