Arne Nordheim æresdoktor

Komponisten Arne Nordheim vert fredag 18. august, under den høgtidsame opninga av det 34. studieåret ved Noregs musikkhøgskole, gitt graden æresdoktor (doctor honoris causa) ved Noregs musikkhøgskole, skriv skolen i ein pressemelding.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Nordheim har med sitt personlege tonespråk klart å sameine ein udogmatisk bruk av avantgardeelement med ei sterk lyrisk uttrykksevne. Nordheim er internasjonal i det musikalske språket og har nått eit stort internasjonalt publikum, seier Eirik Birkeland, rektor ved Noregs Musikkhøgskole, i ein pressemelding.

- Arne Nordheim har vore ein banebrytar for modernismen i norsk musikkliv. Han har med sitt personlege tonespråk klart å sameine ein udogmatisk bruk av avantgardeelement med ei sterk lyrisk uttrykksevne. Nordheim er internasjonal i det musikalske språket og har nått eit stort internasjonalt publikum, seier Eirik Birkeland - rektor ved Noregs Musikkhøgskole.

Arne Nordheim er fødd i Larvik i 1931 og har i over 40 år vore ein av dei mest framståande personane i norsk musikkliv. Fyrst og fremst som komponist, men også som musikkritikar, som leiar i ulike komponistorgansasjonar og som profilert medlem av Norsk Kulturråd.

Nordheim er den tredje personen som er gitt utmerkinga, etter dirigenten Mariss Jansons og folkemusikaren Kåre Opdahl. Æresdoktor er ein person som har fått doktortittel som ei ærevising utan å levere avhandling, vere med i disputas eller halde prøveførelesingar.

Powered by Labrador CMS