Eldre fortapt landsby oppdaga ved Pompeii

Italienske arkeologar har funne ein prehistorisk landsby, gravlagd i vulkansk oske for nesten 4 000 år sidan. Det nye funnet ligg i nærleiken av den verdsberømte oldtidsbyen Pompeii, og er ein av verdas best bevarte bronsealder-landsbyar.

Publisert

Staden blei overfløymt av vulkansk lava då Vesuvs hadde eit av sine vulkanutbrot rundt 1800 f. Kr. Lavaen dekte altså landsbyen som no er funnen igjen nær byen Nola, sør i Italia, mange hundre år før Pompeii fekk same lagnad.

Skulle bygge handlesenter

- Dette er klart den best bevarte prehistoriske landsbyen i Italia, og ein av dei best bevarte i verda. Kvardagslivet frå bronsealderen er bevart her, seier Guiseppe Vecchio til Reuters. Han leier dei arkeologiske utgravingane.

Vecchio oppdaga landsbyen under rutinetestar før eit selskap skulle få løyve til å bygge eit handlesenter med undergrunnsparkering på staden. Sjølv om mange av dei originale strukturane var øydelagde, var dei originale formene bevart i avstøypingar av vulkansk oske og leire.

- Folk hadde ikkje tid til å ta med seg tinga sine då dei rømde, så vi kan sjå kva dei åt, korleis dei laga mat og korleis det sosiale livet utarta seg, seier Vecchio.

Eit bronsealder-Pompeii

I over 250 år har arkeologar jobba utanfor Napoli for å avdekke livet til innbyggjarane i Pompeii, Herculaneum og andre byar og landsbyar som blei dekt under det store vulkanutbrotet i år 79 e.Kr. Pompeii blei gjenoppdaga i 1748, men seriøse utgravingar starta ikkje før på 1800-talet.

Pompeii og byane rundt fortel om romersk daglegliv, og i dag kan besøkande spasere mellom rekkjer med butikkar og hus, gå innom forum - den romerske marknaden og møteplassen, eller besøke tempel, teater, skular og offentlege bad. Ein reknar med at innbyggjartalet i Pompeii var på kring 20 000. Dei nye funna ved Nola er frå ei heilt anna tid.

- Dette er eit prehistorisk Pompeii - bronsealderens Pompeii. Det viser at det har budd folk i området i tusenvis av år, seier Vecchio.

Ingen menneske

Utgravingane utanfor Nola har så langt har vist runde hytter, potter med korn, bein frå sau, eit bur med bein etter ei gravid geit, jaktreiskap og kokereiskap laga av andre bein. Arkeologane har også funne ein hatt dekorert med villsvinbein, og forventar å finne mykje meir. Hyttene er mykje betre bevart enn i andre funn frå bronsealderen, der dei berre står som hol i bakken, melder bladet Archaeology.

Ulikt Pompeii har ein ikkje funne menneske ved Nola. Då Vesuvs hadde sitt vulkanutbrot i år 79 e.Kr., blei om lag 2 000 menneske drepne, og formene deira blei bevart i oska. Pompeii blei hermetisk forsegla etter katastrofen, og gjennom å helle gipsavstøypingar inn i holrom etter menneske og dyr, har ein vore i stand til å gjenskape realistiske former. Utanfor Nola har ein berre funne fotavtrykk.

Arkeologane planlegg å rekonstruere landsbyen i eit nærliggande museum, og kanskje opne utgravingsområdet for turistar.