Vil ha di hjelp til samlingsregistrering

Som fyrste museum i Norge inviterer Naturhistorisk museum i Oslo publikum til å delta i arbeidet med å registrera data frå gamle herbarieark. Fenomenet vert kalla crowdsourcing, skriv Naturhistorisk museum.

– Samlingane ved NHM har ein historie som strekkjer seg tilbake til 1700-talet. I meir enn to hundre år har forskarar herfrå samla inn plantar, sopp og lav til herbariesamlingane her.

– Mykje av materialet er altså samla inn lenge før datamaskiner og internett såg dagens lys.Derfor har vi eit enormt etterslep i elektronisk registrering av materialet, fortel Dag Endresen frå Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

NHM har derfor dei siste åra køyrt eit stort prosjekt der rundt 250 000 herbarieark har vorte sende til Finland for avfotografering. Deretter har bileta blitt sendt elektronisk til DigForsk i Finnmark, som har registrert nokre av data frå herbariearka.

– Men vi var nødt til å gjera eit val mellom kvalitet og kvantitet. Vi valde å avfotografera så mange ark som råd, sjølv om det betydde at ein del av data knytt til kvart ark, ikkje vart registrert, forklarar Endresen.

Og det er derfor han no ber om di hjelp.

– Digitalisering, som det heiter, av naturhistoriske samlingar og stort etterslep er ikkje noko fenomen som er unikt for Norge. Nokre få stader har ein alt kome i gang med å få hjelp av publikum, såkalla crowdsourcing, og no håpar vi at vi òg kan få til dette, seier Endresen.

Powered by Labrador CMS