Har du ikkje skaffa deg slike briller enno, kan det vere for seint. Dei fleste forhandlarar er no utseld. (Arkivfoto: Paul Kleiven, NTB scanpix)

Vanskeleg å oppdrive solformørkingsbriller

– Sveisebriller er beste alternativ, seier astrofysikar.

I samarbeid med NRK


 

Fredag 20. mars vil den største solformørkinga på 60 år vere synleg frå store deler av Noreg.

På Svalbard vil månen dekke heile solskiva og formørkinga blir total. Elles i landet vil mellom 87 og 96 prosent av sola bli formørka av månen.

Alt forsvann

Men har du lyst til å sjå på himmelfenomenet fredag, og enno ikkje har skaffa deg riktig verneutstyr, kan du slite med å få tak i dette.

– Vi er utselde for solformørkingsbriller. Vi hadde 200 par før helga, men alt forsvann før måndag, fortel Haakon Aarønæs ved Vitensenteret i Trondheim til NRK.

Han har mått skuffe mange folk som har spurd etter solformørkingsbriller i dag.

– Eg googla i dag tidleg etter norske forhandlarar som sel solformørkingsbriller, men alle ser ut til å vere utselde. Det er sløvt og kjipt, seier Jan-Erik Ovaldsen. Ovaldsen er astrofysikar og står bak den astronomiske almanakken Himmelkalenderen.

– Det er jo ikkje slik at ein ikkje har visst at solformørkinga kom, legg han til.

Marianne Moen i Norsk Romsenter kan heller ikkje hjelpe desperate publikummarar. Senteret har berre nokre få eksemplar att sjølv.

Sveisebriller

Jan-Erik Ovaldsens beste tips til alternativt verneutstyr er sveiseglas eller sveisemasker med glas som kan kjøpast hos jernvarehandlarar.

Optikarar seier at sveiseglas med mørkheitsgrad mellom 12 og 16 er tilstrekkeleg for solobservasjonar.

– Ikkje kjøp glas med lågare styrke enn dette, seier Ovaldsen.

Vil ikkje bli bekmørkt

Sjølv om opp mot 96 prosent av solskiva vil vere dekka mange stader på fastlandet, vil det ikkje bli bekmørkt.

– Det er berre i totalitetssona som sveiper over Svalbard og Færøyane at ein får oppleve eit par-tre minutt med mørke midt på høglys dag, seier Ovaldsen.

– På fastlandet vil vi kanskje merke at himmelen blir litt mørkare ved maksimum, men det er ikkje godt å seie korleis lyset vil arte seg.

Langt å reise neste gong

Slik blir solformørkinga frå der du bur.

Sjølv om det er lenge til neste totale solformørking i Noreg, er det plenty av moglegheiter for dei som er villig til å reise:

Her er dei tre neste totale solformørkingane på kloden:

  • 9. mars 2016: Sumatra, Borneo, Sulawesi, Stillehavet.
  • 21. august 2017: USA, Nord-Stillehavet, Sør-Atlanteren
  • 2. juli 2019: Chile, Argentina, Sør-Stillehavet.
Powered by Labrador CMS