Svarte hol enklare å lage enn tidlegare trudd

– Viss dei finst, så vil dei fortelje oss enormt mykje om naturen og korleis han verkar, seier norsk fysikar.

Når elementærpartiklar suser mot kvarandre i høg fart og kolliderer slik fysikarane gjer i partikkelakseleratoren i CERN, kan resultatet reint teoretisk vere at det blir fødd eit mikroskopisk svart hol.

Tryggleiken ved CERN fekk derfor stor medieomtale i 2008, då fysikarar måtte gå ut og forsikre om at det ikkje var noko risiko for at eit slikt svart hol kunne sluke jorda.

No viser nye simuleringar frå amerikanske fysikarar at det skal ein femtedel mindre energi til for å danne slike ørsmå svarte hol enn det fysikarane tidlegare har trudd.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS