Annonse

Kometsnøball på veg mot solas flammeinferno

Kometen ISON er i ferd med å bli synleg med det blotte auget. – Kan bli ein av dei mest lyssterke kometar vi har sett dei siste åra, trur astronomar.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Teleskopbilete av kometen ISON tatt av eit gruppe amatørastronomar 14. november. Dei siste dagane har kometen utvikla seg til å bli stadig meir lyssterk, og er no synleg med det blotte auget. (Foto: Bruce Gary, http://www.brucegary.net/ISON)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Amatørar og astronomar verda over følgjer no spent med på kometen ISON si halsbrekkande ferd mot sola.

Om 14 dagar har kometen næraste passering av sola, og spenninga er stor både når det gjeld kor lyssterk kometen vil bli frå jorda, og om snøballen vil overleve nærkontakten med infernoet 28. november.

Farten til kometen er akkurat no på om lag 36 kilometer i sekundet, men denne farten vil auke etter kvart som kometen kjem nærare solas massive tyngdekraft.

– For oss som er litt over gjennomsnittleg interessert, er dette ei hending som vi har sett fram til lenge, fortel hobbyastronom Arne Danielsen.

Han fotograferte ISON ved hjelp av teleskop mandag morgon, og posta biletet på twitter.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS