Knipsa bilete av asteroide i det han passerte jorda

NASA-radar følgde asteroiden Toutatis i det han for forbi jorda. – Observasjonane vil gjere oss i stand til å seie korleis asteroidens bane vil vere lenger inn i framtida, seier asteroideekspert.

Publisert
Asteroiden 4179 Toutatis er 4,5 km lang og er ein av dei største kjende asteroidane som passerer i nærleiken av jorda. (Foto: Goldstone Radar Images, NASA)
Asteroiden 4179 Toutatis er 4,5 km lang og er ein av dei største kjende asteroidane som passerer i nærleiken av jorda. (Foto: Goldstone Radar Images, NASA)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Onsdag 12 desember, flaug asteroiden 1479 Toutatis forbi jorda.

Asteroiden Toutatis har ei lengd på circa 4,5 kilometer og er ein av dei største kjende asteroidane som kan potensielt vere farlege for jorda (Potentially hazardous asteroids, PHAs).

Men det var ingen sjanse for at den store asteroiden skulle kollidere med jorda, ifølgje Lance Benner ved NASAs Near Earth Object Program, som held nøye auge med asteroidar og meteorar som kan vere på kollisjonskurs med jorda.

Asteroidens næraste passering var denne gong ein avstand på 7 millionar kilometer frå jorda, noko som er 18 gongar lenger unna enn månen. Dette melder NASA.

_____________________

Les hele saken på NRk.no