ALMA-teleskopet er sett saman av 66 radioantenner. Dei står høgt oppe i den tørre lufta i Atacama-ørkenen i Chile og som eitt gigantisk auge kan dei «kikke» langt ut i verdsrommet. (Foto: ESO)

Nytt molekyl-funn tyder på at livet oppstod i det ytre rom

Ved hjelp av eit fintfølande teleskop har forskarar no funne eit uvanleg organisk molekyl i kjernen av Mjølkevegen. Funnet tyder på at livet oppstod både lenge før og på ein heilt annan stad enn her på Jorda.

I samarbeid med NRK

 

I midten av Mjølkevegen 27 000 lysår frå Jorda ligg støvskya Sagittarius B2. Den er stor, tung og tett, og ei av dei største fødestovene for stjernene i galaksen vår.

I denne skya har forskarar no funne det avanserte, organiske molekylet isopropyl cyanid, fortel nettstaden sciencedaily.com.

Organiske molekyl ein tidlegare har funne i slike stjernesmier, har hatt karbonatom som heng saman i rette kjeder. Men strukturen til karbona i isopropyl cyanid har spreidd seg utover i greiner. Dermed er det det største og mest komplekse organiske molekylet som er funne så langt i ei stjerneskapande sky.

Det er òg det som liknar mest dei komplekse organiske molekyla me allereie kjenner til frå livet på Jorda. Strukturen til isopropyl cyanid finn me til dømes igjen i aminosyrer som er byggjesteinane i protein.

Leiter etter fingeravtrykk i rommet

Det er forskarar frå Universitet i Köln, Tyskland, og Cornell University og The Max Planck Institute for Radio Astronomy i USA som har gjort oppdaginga. Til det brukte dei det kraftige teleskopet Atacama Large Millimeter Array (ALMA) som står plassert i Atacama-ørkenen i Chile, fortel Cornell University på nettsida si.

ALMA-teleskopet har 66 fintmålande radioteleskop som er i stand til å fange opp dei spektrale fingeravtrykka, eller rettare sagt frekvensane, som molekyl set frå seg i verdsrommet.

Når dei finn slike fingeravtrykk, samanliknar forskarane dei med frekvensane til molekyl dei allereie kjenner til.

– Dette funnet flyttar grenser

– Denne oppdaginga støtter opp under teorien om at livgivande molekyl blir danna tidleg i prosessen når ei stjerne blir fødd, til og med før planetar som Jorda blir til, seier Rob Gerrard.

Han er forskar ved Cornell University og med i forskargruppa som har gjort oppdaginga.

– No har me flytta grensa for kor komplekse molekyla som blir forma i det interstellare rommet kan vere, og som kan finne vegen til andre planetar og forme liv, seier han.

Om forskarane klarar å finne denne typen komplekse molekyl fleire stader i Mjølkevegen, aukar det sjansen for at det òg er liv andre stader der ute.

Powered by Labrador CMS