Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og resten av UiO-leiinga innfører digital undervisning på alle førelesingar over 100 studentar. Alle reiser i regi av UiO blir avlyste. – Liv og helse er prioritet nummer ein, seier han.

UiO innfører drastiske tiltak for å hindra spreiing av koronaviruset

Mest mogleg undervisning skal gå føre seg digitalt på Universitetet i Oslo frå torsdag. Alle tilsette får råd om å arbeida heimifrå, så sant dei kan det. Det er to av tiltaka UiO-leiinga no set i verk for å hindra koronasmitte.

All undervisning med over 100 studentar skal frå torsdag gå føre seg digitalt. Om ikkje det går, vil førelesingane bli avlyste. Samtidig vert det oppfordra til at også undervisning for færre studentar, så langt som mogleg skal skje digitalt.

Kansellerer reiser i regi av UiO

Det er det mest drastiske tiltaket som UiO no har sett i verk for å hindra at studentar og tilsette blir smitta av koronaviruset på universitetsområda. Også reiser som tilsette eller studentar skal ut på for Universitetet i Oslo til risikoområda, vert no kansellerte. Det opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen til Uniforum og i ein epost som er sendt til alle leiarar, einingar, organisasjonar og studentorganisjonar på Universitetet i Oslo.

– Var dette ei vanskeleg avgjerd å ta?

– Nei. No fylgjer me dei oppdaterte råda frå Folkehelseinstituttet og slik verksemda er hos oss, så er det naudsynt å gjera dette.

I eposten han har sendt ut understrekar Arne Benjaminsen at dette er svært viktig.

– Liv og helse er prioritet nummer ein. Me er ein del av ein nasjonal dugnad for å avgrensa smitte og me fylgjer tilrådingane og råda frå helsestyresemaktene. Me legg vekt på å gjennomføra primærverkemda ved universitetet, men innfører no fleire tiltak for å førebyggja smitte i perioden fram til 14. april, seier han i eposten.

– De innfører også restriksjonar på reiser. Gjeld det også private reiser?

– Nei, det har me ikkje makt til å gjera.

Skal leggja til rette for digital undervisning

Arne Benjaminsen understrekar at for at studentar skal få undervisning vil Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) leggja til rette for digital undervisning gjennom å bistå lokal IT.

– USIT tilbyr ein app for opptak av lyd og presentasjonar, som kan brukast i fjernundervisning. Dette inneber at førelesarar kan halda førelesing frå pc, seier han. Han håpar at den kan bli tilgjengeleg allereie frå i dag. Og han lovar meir informasjon om andre digitale løysingar som kan takast i bruk.

Alle arrangement i regi av UiO som ikkje er undervisning vert også avlyste.

Arne Benjaminsen fortel at UiO også jobbar parallelt med å tilpassa gjennomføring av eksamen.

Det vert også sett i verk andre tiltak:- Alle fakultet, museum og einingar under universitetsstyret skal vera i beredskap.

Nye opningstider

Opningstida i bygningane til UiO vil frå torsdag vera fra kl 0800-1800.

– Dei som har tilgang til bygga vil ha tilgang utanom denne tida..Dette for å kunna utføra utvida reinhald og ha færre folk på campus. Det vil seia også stenging av studentkjellarar, bibliotek og liknande med verknad frå i dag, opplyser Arne Benjaminsen i eposten.

– Heimekontor for tilsette

Tiltaka inneber også tilrådingar for dei tilsette ved UiO.– For tilsette tilrår me heimekontor dersom arbeidet tillet det og det ikkje er naudsynt å vera til stades. Dette vil i første omgang gjelda til 14.april. Parallelt vil det også opnast for meir fleksible arbeidstidsordningar. Avgjerdene om dette må takast lokalt mellom leiarar og medarbeidarar, understrekar han.

Det skal heller ikkje reisast til og frå risikoområde. For alle andre område gjeld det at berre reiser som er heilt naudsynte kan gjennomførast, og etter avklaring med den næraste leiaren.

– Me skal heller ikkje ta imot tilreisande frå risikoområde,opplyser han, og ber dei tilsette og studenane vurdera digitale løysingar som eit alternativ.

– Fagmiljøa skal oppretthalde og ivareta kontakt med studentar og tilsette i utlandet og bistå desse ved behov, seier Arne Benjaminsen. Han er klar over at dette inneber store endringar for mange av studentar og tilsette på UiO, men han ser dei som heilt naudsynte.

– Det kan koma fleire tiltak den næraste tida, og råda kan presiserast, så alle må fylgja med på uio.no, legg han til. Det er meir informasjon på desse nettsidene.

Denne saken ble opprinnelig publisert på Uniforum.no.

Powered by Labrador CMS