Bakteriecocktailar kan bli framtidas medisin

Mikroorganismane i kroppen vår påverkar alt frå psykisk helse til kreftrisiko. Dette kjem til å bli svært viktig i behandling av sjukdommar, trur bioteknologi-ekspert.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Mikroorganismane i kroppen vår er så viktige for oss at dei er å rekne som eit eige organ, ifølgje ny rapport. (Foto: Alex Fidorov©2009, Colourbox)

I samarbeid med:


 

På skulen lærte vi at kroppen vår er bygd opp av trillionar av menneskeceller av svært mange ulike typar, som blodceller, hudceller, leverceller blant anna.

Dei siste åra har forskarane forstått at kroppen vår også består av svært mange ikkje-menneskelege celler, og at desse faktisk er meir talrike enn våre «eigne» celler (sjå faktaboks).

Desse andre cellene blir med eit samleord kalla for mikrobiomet vårt, og det viser seg at dei har ein svært stor innverknad på oss.

– Mikroorganismane påverkar oss på utruleg mange måtar, det er nesten som ein heller må spørje på kva område dei ikkje påverkar oss, seier direktør Sissel Rogne i Bioteknologinemnda til NRK.no.

– Til og med lynnet vårt kan bli påverka av mikrobiomet vårt, fortel Rogne.

Likevel veit vi svært lite om på kva måtar det påverkar oss:

– Vi veit sjokkerande lite om mikrobiomet vårt, bortsett frå at vi ser at det er eit fantastisk spennande økosystem nede i tarmane våre. Vi har berre så vidt begynt å skrape i overflata, seier Rogne.

Les også: Så mange bakteriar skjuler seg i rørleggersprekken

– Eit nyoppdaga organ

Effekten mikrobiomet har på kroppen vår er så djuptgåande og mangefasettert at det må karakteriserast som eit eige organ, skriv The American Academy of Microbiology i ein ny rapport.

Direktør for Bioteknologinemnda, Sissel Rogne. (Foto: Bioteknologinemnda)

Berre ta noko så fundamentalt som mat. Utan mikrobane som lever i tarmane våre kan vi menneske ikkje bryte ned karbohydrat i kosten.

Mens menneskets arvestoff inneheld berre 20 gen for enzym som kan bryte ned karbohydrat, har ein vanleg tarmbakterie Bacteroides thetaiotaomicron åleine heile 260 slike enzym.

Forskarar har det siste året avdekka korleis mikrobiomet kan ha ei viktig rolle i utvikling av sjukdommar som kreft, diabetes, leddgikt og astma.

Mikrobane ser også ut til å ha meir enn berre ein liten finger med i spelet når det gjeld utvikling av overvekt.

Laboratoriemus utan tarmbakteriar viser seg å bli svært mykje slankare enn normale mus, fordi utan eit mikrobiom går mykje av maten gjennom tarmane på musa utan å bli fordøydd.

Det er også vist i studiar at laboratoriemus som har fått tilført mikrobar frå overvektige mus eller menneske, legg på seg meir enn mus som får overført eit «slankt» mikrobiom.

Les også: Fire bakterier i tarmene dine kan avsløre om du blir overvektig

– Vi arvar vårt mikrobiom

Kroppen vår myldrar altså av celler som ikkje er «oss», men kvar kjem desse mikrobane frå? Svaret er at dei stort sett kjem frå våre foreldre.

– Frå vi blir skvisa ut gjennom fødselskanalen, får vi med oss mors bakteriar. Når vi så kjem ut av magen og blir lagt på brystet får vi overført bakteriar frå fingrane og mors pupp, fortel Rogne.

Likevel er det ikkje slik at alle mikrobar barnet møter på, slår seg ned i den vesle kroppen. Menneskekroppen er også til dels aktiv i å «velje» ut mikrobar som den har bruk for, og som ikkje gjer skade.

– Det forunderlege er at mikrobiomet også kan overleve ein tøff antibiotikakur. Ein skulle tru at ein slik kur totalt øydela økosystemet i tarmen. Men i mikrobiomet finst det virus med gen for antibiotikaresistens. Virusa kan infisere bakteria og overfører desse gena slik at bakteriane toler antibiotikakuren, fortel Rogne.

– Dette er ein av grunnane til å vere forsiktig med gen for antibiotikaresistens i gen genmodifisert-mat, fordi ein lurer på om gen frå den genmodifiserte maten kan påverke mikrobiomet, fortel Rogne.

Les også: Klart for genmodifisert laks

– Audmjuke

Sissel Rogne trur at kunnskap om mikrobiomet vårt kjem til å bli svært viktig også for behandling av sjukdommar, og at det kan bli interessant å lage bakteriecocktailar til mange ulike føremål.

Men nettopp fordi mikrobiomet er så komplisert og så forskjellig frå person til person, vil det vere vanskeleg å få sikker kunnskap om kva som vil vere riktig for kvar enkelt av oss, trur direktøren for Bioteknologinemnda.

– Men dette betyr berre at vi må vere litt meir audmjuke og nysgjerrige i møte med dette temaet, seier Rogne.

Powered by Labrador CMS