Rumpetrollgalaksen - eit lynangrep

Med ein lang hale av stjerner, fangar denne galaksen essensen av det dynamiske, rastlause og kraftfulle universet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette biletet skil seg frå typiske lærebokeksempel. Den uvanlege forma er skapt av ein liten inntrengar, ein svært blå, kompakt galakse som er synleg øverst i det høgre hjørnet av den meir massive Rumpetrollgalaksen.

Lynoverfall

Inntrengaren gjennomfører sannsynlegvis eit lynoverfall, og er raskt på veg vekk frå åstaden. Sterke gravitasjonskrefter frå møtet har trekt ein lang hale av varme, lysstkerke stjerner og gass ut av sjølve galaksen. Halen strekker seg over ein avstand på meir enn 280 000 lysår.

"Foto: NASA, H. Ford (JHU), G. Illingworth (UCSC/LO), M. Clampin (STScl), G. Hartig (STScl) og ACS Science Team - STScl-PRC02-11a."
"Foto: NASA, H. Ford (JHU), G. Illingworth (UCSC/LO), M. Clampin (STScl), G. Hartig (STScl) og ACS Science Team - STScl-PRC02-11a."



Mange unge blå stjerner og stjerneklasar, skapt av galaksekollisjonen, er synlege i spiralarmane, og i den lange stjernehalen. Kvar av desse klasane representerer formasjonar på opp til ein million stjerner.

Fantastisk bakteppe

Blåfargen kjem av dei massive stjernene, som er 10 gonger varmare og skin ein million gongar lysare enn vår eiga stjerne Sola.

I bakgrunnen ligg 6 000 galaksar som strekker seg tilbake nærmare byrjinga av tida. Rumpetrollgalaksen er rundt 420 millionar lysår unna Jorda i konstellasjonen Draco.

Kjelde: Space telescope science institute

Fleire nye bilete frå romteleskopet Hubble finn du gjennom linkane oppe til høgre.

Powered by Labrador CMS