Med utsikt til Universets fødsel

Gløym alt om å ha beina på jorda for ei stund, og sjå på Universet gjennom auga til det nyrenoverte romteleskopet Hubble. Dei fantastiske bileta tek oss tilbake til byrjinga.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Lenge før mennesket reiste ut i rommet, drøymde astronomar om å plassere eit teleskop utanfor den forstyrrande atmosfæren til Jorda. Romteleskopet Hubble blei skote opp den 24. april 1990, og opna ei ny tid for astronomien.

Ein astronomisk revolusjon

Ikkje sidan Galileo retta teleskopet sitt mot himmelen i 1610 har ei enkelt hending endra vår oppfatning av Universet på same måten. Teleskopet Hubble går i bane 6 000 kilometer over Jorda, og brukar om lag 97 minutt på runden. Det arkiverer frå tre til fem gigabyte med data kvar dag.

No er enda eit nytt vindauge er opna til verdsrommet: Dei første bileta frå eit reparert og oppgradert romteleskop kan ta pusten frå kven som helst (klikk på linkane under “flere artikler” til høgre for å sjå og lese om bileta).

Romteleskopet er ein av dei viktigaste reiskapane for astronomar rundt om i verda, og under ei vellukka romferd i mars blei det mellom anna sett inn eit nytt og svært kraftig kamera.

Nytt kamera er ti gonger kraftigare

Arbeidet med Hubble er noko av det vanskelegaste arbeidet nokon sinne utført i rommet, og resultatet er at teleskopet er blitt i stand til å gjere mykje betre observasjonar enn nokon hadde tenkt seg då observatoriet blei sendt opp i rommet for 12 år sidan.

Det nye kameraet i Hubble er ti gonger kraftigare, og tek bilete mykje raskare enn kameraet som blei brukt til å ta det berømte Hubble Deep Field (HDF), som nesten trengjer tilbake til dei første galaksane. Håpet er at det nye kameraet skal fange lyset frå skapinga av dei aller første stjernene.

Beste bileta nokon sinne

"Installeringa av nytt kamera og anna viktig utstyr på Hubble er noko av det vanskelegaste som er gjort i rommet. Foto: NASA"

- Dette er nokre av dei beste bileta av det fjerne universet menneska nokon gong har sett, seier astronom Holland Ford ved Johns Hopkins University. Han har leia den sjuårige utviklinga av det nye Advanved Camera for Surveys (ACS).

- Dette vil gjere det mogeleg å tre inn i skumringssona; perioden då galaksane starta å forme seg frå mørkret etter nedkjølinga av Universet frå “Big Bang”.

Tilbake til byrjinga av alt

Som HDF synte, strekker galaksane seg nesten tilbake til byrjinga av tida, og inneheld myriader av former som er bilete av galaksar gjennom Universets evolusjon i 13 milliardar år. Men bileta frå det nye kameraet er så skarpe at astronomar kan identifisere byggesteinane til galaksane, kolliderande galaksar eller ekstremt fjerne galaksar.

Klikk på linkane under “flere artikler i denne serien” oppe til høgre, for å sjå og lese om dei fire nye bileta frå Hubble offentleggjort av NASA.

Powered by Labrador CMS