Derfor sovnar foreldre til barne-TV

Det er ikkje berre din feil, konstaterer søvnforskar.

Publisert
På TV-skjermen er det liv og røre, men sjølv kan du få store problem med å halde augene opne. (Foto: Colourbox)
På TV-skjermen er det liv og røre, men sjølv kan du få store problem med å halde augene opne. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK

– Vi har ei innebygd klokke som sit i hjernen vår. Den styrast av lys, og sender ut signal til alle organa i kroppen. Alle cellene i kroppen har denne klokkefunksjonen, seier søvnforskar Håvard Kallestad, som jobbar på den psykiatriske avdelinga Østmarka i Trondheim.

I november disputerer han med ein doktorgrad om søvnproblem og psykiske lidingar.

Biologien har skulda

Middagen er fortært, kjøkkenet er overflatisk rydda, og du synk ned i sofaen saman med ungane. På TV-skjermen er det liv og røre, men sjølv har du store problem med å halde augene opne.

Særleg småbarnsforeldre, men også andre, kan nok kjenne seg igjen i dette. Og det er ei heilt naturleg forklaring.

– Det er døgnrytma til kroppen som gjer at vi er trøtte på nokre tider av døgnet og vakne på andre. Den typiske døgnrytmen er tilpassa å stå opp klokka sju, og då blir du gradvis meir vaken utover dagen, forklarer Kallestad.

Då skulle ein kanskje tru at du burde vere opplagt og frisk på ettermiddagen, men det set kroppen din ein stoppar for. I tillegg har du kanskje sjølv auka risikoen for å måtte ta ein ettermiddagslur. 

– Vi har ein liten dupp i døgnrytmen rundt klokka 18. Duppen er ikkje veldig stor, men viss du i tillegg har søvnunderskot, har ete eit stort måltid, og sit i ro, så er det lett å bli veldig søvnig. Det er det biologiske som gjer det, men fleire faktorar må vere til stades.

– Gå ein tur

Det er altså mogleg å unngå sofaslumringa, sjølv om oppskrifta kanskje ikkje er optimal for trøtte og slitne foreldre. Aller helst bør du sørge for å få nok søvn om natta.

– Om du har fått tilstrekkeleg med søvn, så klarer du deg heilt fint gjennom «duppen» utan å sovne. Det samme gjeld om du er ute og går, så det kan vere lurt å gå ein tur i dette tidsrommet, seier Kallestad.

– Men er det så dumt å sove litt under barne-TV, da?

– Det er ikkje nødvendigvis farleg å sove litt, men du kan få problem med å sovne om kvelden. Det kan tyde på at du søv for mykje i løpet av døgnet. Men så lenge du held deg til 10-20 min på sofaen, er det ikkje noko stort problem.

Eit problem blir det først viss du ikkje klarer å halde middagsluren til eit minimum. Etter rundt ein halvtime går du nemleg inn i ein djupare søvn, og den er det vanskeleg å vakne frå.

Særleg småbarnsforeldre kan nok kjenne seg igjen i følelsen av å bli trøtt etter middag og arbeid. (Foto: Colourbox)
Særleg småbarnsforeldre kan nok kjenne seg igjen i følelsen av å bli trøtt etter middag og arbeid. (Foto: Colourbox)

– Det er stor forskjell på å sove litt og å sove mykje om ettermiddagen. Det handlar mest om kor opplagt du er, og har du til dømes ein søvnsjukdom så kan det gjere deg veldig trøtt.

A og B

Enkelte av oss er meir disponert for å takle standard-dagrytmen som gjerne krevast i arbeidslivet, og Håvard Kallestad kan stadfeste at det er noko som heiter A- og B-menneske. Likevel er dei fleste av oss i stand til å bryte dei naturlege preferansane.

– Det er mange som helst vil stå opp klokka 10, men som klarer å stå opp tidlegare for å komme seg på jobb. Vi er nok fødde som A- eller B-personar, men så klarer vi å tilpasse oss. Samtidig er det nokre som er meir ekstreme, slik at det går ut over skulegongen. Dei klarer ikkje å komme seg opp.

Søvnforskaren forklarer at dei fleste av oss blir meir B-menneske i tenåra, og treng meir søvn. I løpet av 20-åra går dette over, slik at vi i 30-åra blir meir tilpassa 8-til-16-livet.

– I USA hadde dei eit testprosjekt for ungdommar der dei flytta skuledagen slik at den starta klokka 9 i staden for 7.30. Det hadde veldig god effekt på oppmøtet, fortel Kallestad.