Kronikk: Omvendt undervising

Norsk skule reproduserer sosial ulikskap. Tilpassa opplæring er løysinga og kan omvendt undervising vere metoden? skriv Rune J. Krumsvik i denne kronikken.

Kreativ bruk av digitale verktøy gjer meir rettleiing og faglege vinstar –spesielt for dei svakaste elevane, skriv kronikkforfattaren. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Referanser:

Bloom, B. (1984). The 2 Sigma Problem: The Search for Methods of Group Instruction as Effective as One-to-One Tutoring. Educational Researcher, 6(13), 4-16.

Hamdan, N., McKnight, P.E, McKnight, K., & Arfstrom, K.M. (2013). A review of Flipped Learning. New York: Flipped Learning Network.

Rettleiing og undervegsvurdering er noko av de viktigaste i elevars læring. Men korleis skal læraren få dette til på ein fullgod måte i klasserom med 30 elevar?

I SMIL-studien, som er den største IKT-studien i den vidaregåande skulen her til lands, fant vi at kreativ bruk av digitale verktøy ga meir rettleiingstid og faglege vinstar –spesielt for dei elevane som trengte det mest.

Ein-til-ein rettleiing framfor klasseromsundervising

Den velkjente utdanningsforskaren Benjamin Bloom oppmoda tidleg på 80-talet forskarar og lærarar til å tenkje over følgjande utfordrande oppgåve: finn metodar for klasseundervising som er like effektive som ein-til-ein rettleiing.

Bakgrunnen var at Bloom og hans doktorgradstudentar hadde funne ein oppsiktsvekkjande stor læringseffekt ved ein-til-ein rettleiing, sett i forhold til tradisjonell klasseromsundervising med 30 elevar. Så stor var effekten at ein kan samanlikne det med fleire års skulegang i skilnad mellom desse elevgruppene.

Ei mengd forsking har stadfesta dette funnet dei siste 30 åra og løfta fram kor viktig rettleiing og undervegsvurdering er for læring, men også kor vanskeleg det er å realisere i klasser på 30 elevar.

Kan funn frå SMIL-studien endre på noko av dette?

SMIL-studien

SMIL-studien har gått føre seg blant 17 529 elevar og 2 524 lærarar i sju austlandsfylke. Den viser ein klar og systematisk samanheng mellom kva som er foreldras utdanningsnivå og kva som er elevens karaktergjennomsnitt frå ungdomsskulen.

Mykje tyder på at ei vesentleg årsak til at skulen framleis reproduserer sosial ulikskap er knytt til knapp tid til tilpassa opplæring og rettleiing, samt kva grad elevane får hjelp heime av foreldra til lekser og fagleg oppfølging.

Kan ein vende noko av dette ved å vende undervisinga?

Omvendt undervisning

Vinteren 2013 hadde vi eit feltarbeid ved ein SMIL-skule, der ein observerte ein metode for å betre den tilpassa opplæringa ved bruk av omvendt undervising i matematikk.

Læraren vi følgde hadde enkelt sagt lagt til grunn ein ny pedagogisk metode der ho flytta mykje av tavleundervisinga i heilklasse ut av klasserommet til heimearenaen til elevane, for å få frigjort meir tid til å rettleie elevane sine i klasserommet.

Ho prioriterte dermed å bruke mest tid på å rettleie elevane i dei mest kognitivt krevjande oppgåvene, med fokus på djupnekunnskap i det fysiske klasserommet, medan enklare oppgåver og basiskunnskapar vart plassert som leksearbeid.

I tradisjonelle klasserom er dette oftast omvendt. Dermed la ho opp til at basiskunnskapen kunne lærast via hennar eigne, godt illustrerte og forklarte videosnuttar som lekse heime, medan djupnekunnskapen vart sett i fokus på skulen der ho kunne rettleie kvar einskild elev der dei var fagleg sett.

Elevane hadde både ansvar for å sjå desse enkle, tilpassa videosnuttane som lekse og melde frå til ho via læringsplattforma før timen om ting dei ikkje skjønte. Slik visste ho til skuletimen byrja kva dei ulike elevane sleit med, og dermed fekk langt meir tid til å rettleie elevane i klasserommet i høve til det nivået dei var på.

Dette varetok også det faktum at ikkje alle har foreldre til å hjelpe seg med krevjande leksefagstoff, samt stigmaet med å rette opp handa i timen og avdekkje si vankunne i faget. 

Positiv effekt

Medan ein i andre forskingsstudiar har observert at berre 25 til 35 prosent av klasseromsundervisinga blir nytta til rettleiing, var det påfallande at denne SMIL-læraren nytta opp mot 80 prosent av undervisingstida i klasserommet til rettleiing av elevane, der tilpassa opplæring og undervegsvurdering sto i fokus.

Elevane flest syntes dette var ein uvand, men særs god metode å lære på og fleire vart redda frå å stryke i faget.

Læraren sjølv uttrykte stor glede over at ho fekk langt betre tid til kvar einskild elev og registrerte både betre motivasjon og resultat i matematikkfaget.

Vi fann gjennom ein casestudie i SMIL at omvendt undervising hadde positiv effekt på læringsutbyttet til elevane.

Betre samhandling mellom lærar og elev

Likevel kan ein spørje om det ikkje er ein fare for at læraren blir «degradert» til rettleiar i den omvendte undervisinga.

Vi fant at omvendt undervising auka lærarens tidsbruk til rettleiing vesentleg, men samstundes måtte læraren vere ein tydeleg klasseleiar både i det digitale- og fysiske klasserom.

For her var utfordringar; ho måtte sikre seg at elevane faktisk såg leksevideoane før skuletimane, at dei alle ga beskjed om kvar skoen trykte og at elevane sjølv forsto at for å lykkes med denne metoden måtte dei vareta sitt ansvar.

Kreativ bruk av digitale verktøy gjorde det i dette tilfellet mogleg å opne nye læringsrom som inngang til å realisere grunnpilarar som tilpassa opplæring, rettleiing og vurdering for læring på nye måtar. Men ein føresetnad for dette var ein digitalt kompetent lærar som kjente godt til den omvendte undervisingsmetoden og som også visste om kva fallgruver ein måtte passe seg for ved bruk av denne metoden.

Mellom anna såg ein at både lærebøker, digitale læremiddel og leksevideoar vart nytta komplementert og ikkje for å erstatte kvarandre i denne omvendte undervisinga.

Vert nytta i USA

Frå SMIL-studien ser ein at denne metoden er lærarstyrt på den måten at det er læraren som er arkitekten bak heile den omvendte undervisinga. Metoden gir samstundes større rom for den elevsentrerte undervisinga ved at elevane sine ulike rettleiingsbehov får betre vilkår.

Dette ser ein også i annan forsking og einskilde studiar syner at omvendt undervising kan betre læringsutbytte til elevane samanlikna med tradisjonell klasseundervising. Men det kanskje mest interessante funnet vart gjort ved Clintondale High School (Detroit, USA), der skulen har ei multikulturell elevmasse frå lågare sosiale lag og der strykprosenten falt med 33 prosent etter at omvendt undervising vart nytta.

Metoden har ført til vesentleg meir rettleiingstid per elev per undervisingstime utan kostnadar og det har blitt meir tid til systematisk undervegsvurdering.

SMIL-studien og andre studiar syner at omvendt undervising kan frigjere meir tid til rettleiing og kanskje er metoden eit lite steg i retning av det Bloom etterlyste. Brukt på rette måten kan metoden gi eit fagleg løft for dei elevgruppene som treng det mest. Men metoden har sine pedagogiske fallgruver og syner at heller ikkje her er det snarvegar til betre læring – det føreset som alltid kunnige lærarar som kan sitt metodiske handverk og som brenn for at elevane skal lære – gjerne på nye måtar.

Og som ein opphavsmennene for omvendt undervising, Aaron Sams seier det: det viktigaste er ikkje korleis du lærer, men at du lærer.

Powered by Labrador CMS