Røyking kan gjere deg dum

Mange meiner det er dumt å røyke i utgangspunktet, men dummare blir det. Forskarar har nemleg vist at nikotin kan drepe hjerneceller og hindre at nye blir danna. Dette er eitt av fleire nye resultat som peikar mot at røyking er skadeleg for hjernen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Nikotinen skadar hjernecellene i hjerneregionen hippocampus, som har med minnet å gjere, meiner ei fransk forskargruppe. Dette er den første direkte biologiske peikepinnen mot at røyking øydelegg hjerneceller og hindrar hjernecelleproduksjonen.

Rotter på nikotin

- Resultata gir grunn til større uro over helsekonsekvensane av nikotinmisbruk, og opnar for ny innsikt i dei mogelege nevrologiske mekanismane assosiert med tobakksavhengigheit, skriv forskarane i ein rapport.

I forsøk fekk rotter sjølv bestemme sin daglege dose nikotin i seks veker. Forskarane målte så nikotinnivået i blodet. For rottene som hadde nikotinnivå tilsvarande ein røykar, fann forskarane ut at danninga av nye nerveceller var redusert med opp til 50 prosent i den såkalla dentate gyrus i hippocampus. Dette er eitt av to område i den vaksne hjernen som produserer nye nerveceller.

Forskarane registrerte også ein auke i talet på celler som døydde, men det er uvisst korleis nikotinen drep cellene.

Reduserer viktig protein

Forskarane fann også ut at alle rottene som fekk i seg nikotin produserte mindre av proteinet PSA-NCAM, som spelar ei viktig rolle i tilpassingsevna til hjernen, og er relatert til læreevna og evna til å memorere.

Men forskarane kan ikkje seie kva som er implikasjonane for røykarar. Forskar Pier Vincenso Piazza ved frankrikes nasjonale helseinstitutt INSERM i Bordeaux, meiner nikotininntaket kan skape kognitive problem, sjølv om forskargruppa ikkje testa dette på rottene.

- Det neste skrittet er å teste dette, seier Piazza til New Scientist.

Forventar kognitiv effekt

Hippocampus er involvert i minnet, og produksjon av nye nerveceller synast også å vere knytt til minnet, så Piazza meiner ein kan forvente ei effekt.

Forskarane meiner dette tilbakeviser resultat frå 90-talet, som antyda at røyking kunne hjelpe på den kognitive ytinga, skriv BBC.

I følgje New Scientist meiner dei franske forskarane at resultata kan vere med på å forklare dei kognitive problema mange storrøykarar opplever når dei sluttar å røyke.

Hovudbry ved røykeslutt

Kortvarige kognitive problem for storrøykarar som vil kvitte seg med vanen er godt dokumentert, men fenomenet har endå ikkje fått ei god forklaring.

- Det kan hende at den stimulerande effekten av nikotin maskerer tapet av nevrologisk plastisitet. Når dei sluttar å røyke vedvarer desse manglane, spekulerer Piazza.

Overflod av nerveceller

Men ein nikotinekspert ved University of Bath i Storbritannia meiner hjernen har så stor overflod av hjerneceller at det er usikkert om denne typen manglar er tilstrekkeleg for å vere årsak til svekking av minnet.

- Ei alternativ tolking er at svekkingar av minnet er eit resultat av at røykesluttaren føler seg dårleg på grunn av abstinens, seier ho til New Scientist.

Stadig utvida skadepanorama

Ei tidlegare amerikansk studie har vist at eldre røykarar har dårlegare tankeverksemd enn ikkje-røykande jamnaldra, og ei nederlandsk undersøking har påvist tidlegare anlegg for aldersdemens hos røykarar, skriv bt.no.

Forskning.no skreiv tidlegare i mai om resultat frå amerikanske forskarar som meiner passiv røyking skadar dei koginitive eigenskapane hos barn.

Dei franske forskarane publiserte resultata i maiutgåva av The Journal of Neruroscience (vol 22, s. 3656).
Ei pressemelding på fransk ligg ute på nettsidene til INSERM

Powered by Labrador CMS