Annonse

Røykeslutt utan vektauke

No er mekanismen som gjer at nikotin dempar appetitten identifisert. Framtidige medisinar som målretta aktiverer denne hjernekrinsen, kan bli eit verktøy for å kontrollere vekta.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Røykarar veit at ein sigarett kan gjere dei mindre svoltne. At nikotin har ein dempande verknad på appetitten, er dokumentert.

Røykarar er statistisk sett også litt tynnare enn resten av befolkninga. Enkelte opplever å gå opp i vekt når dei sluttar.

Ved sidan av andre effektar knytt til nikotinabstinens, kan dette vere ein faktor som gjer det vanskeleg å halde opp med den usunne uvanen.

- Mange seier de ikkje vil slutte å røyke fordi det vil få dei til å gå opp i vekt. Vi ønskjer å hjelpe folk med å halde på kroppsvekta medan dei sluttar å røyke, og kanskje hjelpe ikkje-røykarar som slit med overvekt.

Det seier Marina Picciotto, professor i psykiatri og nevrobiologi ved Yale University i USA, i ei pressemelding.

Mottakarmolekyl

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Nikotin har evna til å hekte seg på mange ulike reseptorar på ulike hjerneceller. Ein reseptor er eit molekyl som fungerer som mottakar eller bindingsstad.

Når eit anna molekyl, for eksempel nikotin, koplar seg på, set det i gong signalprosessar i kroppen.

I hjernen er det 15 ulike undertypar av reseptorar som tek imot nikotin. Nokre aktiverer behovet for å røyke meir. Andre gir oss høgare blodtrykk. Nokre gjer oss meir avslappa.

Den nye oppdaginga handlar om ein veldig spesifikk nikotinreseptor som gjer at appetitten blir dempa i ein periode. Den er ikkje del av hjernekrinsane som kan gjere oss hekta på nikotin.

Tilfeldig

Oppdaginga kom tilfeldig medan Picciotto var i gong med å undersøkje om reseptoren med det klingande namnet α3β4 var kopla til antidepressive verknader hos mus.

α3β4-reseptoren finnast i ei gruppe hjerneceller i Hypothalamus, ein region som også regulerer apetitt.

Kollega Yann Mineur, som passa på musene, oppdaga at dei som hadde fått i seg eit medikament (cytisin) som stimulerte α3β4, åt mindre.

Faktisk fekk dei i seg berre halvparten så mykje mat som dei andre musene i 2 timar etter at dei hadde fått medikamentet, og over ein periode på 30 dagar gjekk den 15-20 prosent ned i vekt.

Mett signal

Forskarane fekk vidare dokumentert at nikotin faktisk hektar seg på α3β4, som deretter sender eit signal ut til resten av hjernen om at kroppen er mett.

Signalet kan ikkje skiljast frå det som blir sendt ut etter at vi har ete eit stort måltid, rapporterer tidsskriftet Science.

Picciotto foreslår at dette kan bli utnytta i framtidige legemiddel som dempar matlysta under den første fasen av røykeslutt.

Forskaren trur også at slike medisinar kan ha større bruksområde som appetittdempande ved slanking – utan helsefarane som heng saman med røyking.

Kva med blodtrykket?

Sidan røyking kan gi kreft, hjarteinfarkt, lungesjukdommar og ei rekke andre alvorlege helseplager, burde kanskje ikkje tanken på ein moderat vektauke hindre folk i å slutte.

Picciotto anbefaler at folk som er uroa over dette kan prøve nikotinbaserte behandlingstypar, ifølgje Associated Press (AP). I norske apotek kan du for eksempel få nikotintyggegummi.

Ho trur det kan bli krevande å utvikle medisinar som går heilt spesifikt på α3β4-reseptoren, fordi den også er involvert i stressreaksjonar i kroppen, og ein tenkjeleg biverknad kan vere høgt blodtrykk.

For å finne ut av dette vil det vere nødvendig å gjere undersøkingar av effekten på menneske, ikkje berre på mus.

Musemodellane gjer det likevel mogeleg å studere mekanismane i hjernen som gjer at nikotin kan redusere matinntaket, fordi mus og menn trass alt er ganske like.

Medan forskarane arbeider vidare med problemet, kan du kike på Kreftforeininga sine råd (PDF) om røykeslutt utan vektauke.

Marina Picciotto fortel om forskinga sin i denne videoen fra Yale University:

Referanse:

Yann S. Mineur m.fl; Nicotine Decreases Food Intake Through Activation of POMC Neurons; Science 10. juni 2011; vol. 332 no. 6035 s. 1330-1332; DOI: 10.1126/science.1201889. Se sammendrag her.

Lenkjer:

Yale University: Discovery May Pave Way to Quitting Soking Without Gaining Weight

National Institute on Drug Abuse: Potential new target for smoking cessation without weight gain

BBC: Nicotine ‘could control obesity’

Science: Why Smokers Are Skinny

AP via Yahoo news: Study finds why smokers gain weight when they quit

Powered by Labrador CMS