No kan du sjå Marslandinga i HD

For første gong kan du sjå heile nedstiginga til Curiosity i super biletkvalitet.

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Filmskaparen Daniel Luke Fitch har sett saman ein rålekker video som viser Curiositys landing på Mars 6. august i HD-kvalitet. Dette skriv Teknofil.no.

Fitch har nytta råmateriale frå NASA til å lage den 50 sekund lange videoen som får deg til å føle at du er om bord i Curiosity i det han rasar ned mot overflata på den raude planeten.

Råbileta er sett saman til ein tidsforkorta video (timelapse), deretter har filmskaparen fargekorrigert, tatt bort støy og gjort biletet litt skarpare. Resultatet er ein fantastisk klar video som må nytast i full skjerm.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS