Kan vere 17 milliardar jord-store planetar i vår galakse

Data frå Keplerteleskopet tyder på at kvar sjette stjerne i Mjølkevegen har planet på storleiken med vår eiga jord.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Illustrasjonen viser ulike planettypar som er funne med NASAs Keplertelesskop. (Foto: (Illustrasjon: C. Pulliam & D. Aguilar, Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics))

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Observasjonar frå NASAs planetspeidar i rommet, Kepler-teleskopet, tyder på at så mange som 17 % av stjernene i vår galakse kan huse planetar på storleiken med vår eiga jord. Dette fortel BBC.

Sidan det finst rundt 100 milliardar stjerner i vår galakse, betyr det at det kan finnast 17 milliardar små steinplanetar i Mjølkevegen.

Funna vart offentleggjort på det eit møte i the American Astronomical Society i California.

Samtidig rapporterer Kepler-teamet også eit nytt funn av heile 461 nye planetkandidatar som enno gjenstår å bekrefte som verkelege planetar.

Med dette funnet er vi oppe i totalt 2740 planetkandidatar.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS