Annonse
Dette mønsteret oppstår hos oss kvar gong vi må bruke tankekraft. (Illustrasjon: Vidar Kvien, NRK)

Hjernens tenketilstand er funne

Norske og amerikanske forskarar har gjort ei banebrytande oppdaging av eit hjernenettverk som kjenneteiknar all tenking. Funnet kan medverke til å forklare psykiske lidingar, trur forskarane.

Publisert

Hjerneforskarane Kenneth Hugdahl og Karsten Specht ved Universitet i Bergen har oppdaga eit til no ukjent aktivitetsmønster i hjernen som kjenneteiknar alle tankeprosessar.

Mønsteret, som blir kalla Extrinsic mode network (EMN), er motstykket til eit mønster som kjenneteiknar den kvilande hjernen.

– Det verker som om vi har to veldig generelle nettverk i hjernen, eitt for kvile, og eitt for tenking, seier professor Kenneth Hugdahl til NRK.

Samhandlinga mellom dei to tilstandane kan ha innverknad på utvikling av psykiske eller nevrologisk lidingar, skriv forskarane i forskingsartikkelen i Frontiers in Human Neuroscience.

Dette nettverket kjenneteiknar alle hjernar som tenker. Biletet viser resultatet av ein hjerneskanning. (Foto: Kenneth Hugdahl)

– Vil avdekke ny viten

Professor Ole Andreassen trur det nyoppdaga nettverket vil få stor betydning. (Foto: Universitetet i Oslo)

– Dette er veldig spennande, seier professor Ole Andreas Andreassen ved Universitetet i Oslo.

Han meiner at teorien kan ha mykje for seg, sjølv om han enno må prøvast ut og testast i nye forsøk.

– Eg har stor tru på at dette nye nettverket vil bli brukt i forskinga på hjernefunksjon, og avdekke ny viten. Det er mange som arbeider ut frå teorien om at manglande samband mellom ulike hjerneområde, meir enn spesifikke enkeltområde i hjernen, kan vere sentralt i utvikling av psykiske plagar. Derfor vil det nyoppdaga nettverket ha stor innverknad.

Hjerneforskar Jon Storm-Mathisen synest også at det nye funnet er svært interessant.

– Funnet tek oss eit lite steg i retning av å skjøna korleis hjernen verkar, og dermed korleis svikt i funksjonen kan føre til psykisk sjukdom, seier han.

Overraskande funn

Det var Hugdahl som først kom på sporet av oppdaginga då han la saman hjerneskanningar frå ni ulike studiar til førebuing av ei forelesing. Bileta viste aktivitet hjernen til deltakarar som utførte svært ulike oppgåver mens dei låg i hjerneskannaren.

Det han hadde venta å sjå, var aktivitet berre i dei områda av hjernen som var involvert i å løyse den respektive oppgåva. Derfor vart Hugdahl svært overraska då han såg at hjernebileta hadde det same overordna mønsteret.

– Eg sa til meg sjølv at noko må vere feil, og at eg måtte ha blanda saman bileta, seier Hugdahl.

Det hadde han ikkje gjort.

Saman med kollega Karsten Specht gjekk han deretter gjennom alle hjerneskanningane på nytt. Analyseresultata viste at det utan tvil eksisterte eit slikt nettverk. Dei to fekk også hjerneforskar Marcus Raichle ved Washington University School of Medicine med på laget.

Raichle er også den som oppdaga kvilenettverket, eller Default mode network i 2001, som sidan blitt eit svært sentralt tema i hjerneforskinga.

– Opnar opp for ny tenking

Fleire forskarar har sidan vore inne på tanken om at det kunne finnast eit tilsvarande hjernenettverk som kjenneteiknar all tenking.

Ingen har likevel klart å påvise dette, før no.

Forskarane vil no forsøke å kartlegge samspelet mellom dei to hjernenettverka.

– Dette opnar opp for ei ny form for tenking, og dette kan bli mat for mange doktorgradar, seier Hugdahl.

Powered by Labrador CMS