Annonse
Den tyrkiske akademikaren Ahmet Gürata er under vern ved ein norsk utdanningsinstitusjon. – Det er oppretta over 200 frie universitet over heile Tyrkia som organiserer gratisklassar i parkar og kafear for alle interesserte, fortalde han under lanseringa av rapporten Free to Think 2018 på UiO rett før helga. (Foto: Martin Toft)

Livsfarleg å vera akademikar og student i 47 land i verda

Frå september 2017 til 31. august I år blei det rapportert om 294 åtak på høgare utdanning i verda. To av landa det for tida er farlegast å vera akademikar eller student i, er Nicaragua og Tyrkia, melder Scholars at Risk i rapporten «Free to Think 2018».

Publisert

– Mange er skremte til å teia stilt, sa Beathe Øgård, leiar for Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) under lanseringa av rapporten Free to Think 2018 i Realfagsbiblioteket på Universitetet i Oslo sist fredag.

– Det er viktig at det vert innført tiltak som kan verna rettane til studentar og akademikarar. Alle som bryt menneskerettane må bli stilte for retten, understreka ho.

Kritisk for akademikarar og studentar i Tyrkia

Heller ikkje i Tyrkia har situasjonen roa seg noko særleg sidan kuppforsøket i 2016. Der har styresmaktene halde fram med kampanjen mot dei høgare utdanningsinstitusjonane og ved å fjerna personar som har ytra seg kritisk av statleg militære aksjonar, og dermed blitt skulda for å stå i samband med grupper som regjeringa ikkje likar.

Ei av dei som er nemnt i rapporten er vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, sosiologen og menneskerettsaktivisten Ishtar Gözaydin. Det blir vist til korleis styresmaktene først skulda henne for å samarbeida med Gülen-rørsla etter at ho hadde stilt opp i eit intervju i ein fjernsynsstasjon som skulle vera knytt til den rørsla. Då saka kom opp for retten i januar 2018 skulda dei henne for å vera medlem av ein terroristorganisasjon. Då dommen fall litt seinare i år, blei ho frikjent for skuldingane om terrorisme, men reiserestriksjonane står framleis ved lag.

– Er oppretta over 200 frie universitet

Fredag stilte den tyrkiske akademikaren Ahmet Gürata og den tyrkiske studenten Dilan Esra Baycanopp på ei markering for rapporten på Realfagsbiblioteket på Blindern. Begge er under vern på to norske utdanningsinstitusjonar. Dei har framleis god kontakt med akademikarar og studentar i Tyrkia, og dei meinte at forholda ikkje var blitt særleg betre etter at dei hadde reist frå landet.

Amhem Gürata viste til at mange oppsagte akademikarar no prøver å gjera det beste ut av situasjonen.

– Det er oppretta over 200 frie universitet over heile Tyrkia som organiserer gratisklassar i parkar og kafear for alle interesserte. Dei har også etablert nettverket «Akademikarar i eksil», fortalde han. Men han kom også med kritikk av alle verdas akademikarar for at dei ikkje er kritiske nok.

– Me er gode til å bryta ned dei gamle hierarkiske strukturane. Men me stiller ikkje spørsmål ved det pedagogiske systemet. I India har akademikarar derfor starta ei ny rørsle, The Raqs, altså Rarely Asked Questions (sjeldne stilte spørsmål). Det er spørsmål me må stilla, var oppfordringa hans.

Fleire tusen studentar i fengsel

Dilan Esra Baycan som har bakgrunn frå Ankara University, skildra korleis situasjonen for studentane i Tyrkia er blitt etter kuppforsøket i 2016. – I dag er fleire tusen studentar i fengsel eller utestengde frå universiteta. Dei kan heller ikkje forlata fengselet for å ta ein eksamen. Folk i utlandet kan senda brev til desse fengsla, var bøna ho kom med.

– Det er viktig at det vert innført tiltak som kan verna rettane til studentar og akademikarar. Alle som bryt menneskerettane må stillast for retten, understreka Beathe Øgård, leiar for SAIH under lanseringa av rapporten Free to Think 2018. (Foto: Martin Toft)

I Tyrkia innførte president Rezip Erdogan den 9. juli ei ordning som gjer at han sjølv kan utnemna rektorar for universiteta. Eit vilkår for å bli rektor har tidlegare vore at dei må ha vore professor i fem år. No er dette vilkåret redusert til tre år, står det i rapporten frå Scholars at Risk.

Ille i både Iran og Kina

I Iran er den svensk-iranske forskaren Ahmadreza Djalali framleis fengsla i Evin-fengselet i Teheran med ein dødsdom hengjande over seg. Sjølv om han lir av store helseproblem, er han blitt nekta legehjelp i fengselet. Det blir også rapportert om mange andre arrestasjonar av studentar og akademikarar i Iran.

I Kina er mange studentar og akademikarar som tilhøyrer uighur-folket blitt arresterte i det autonome uighur-området i Xinjiang. Fleire av dei er plasserte i omskuleringsleirar. Scholars at Risk ber dei kinesiske styresmaktene om straks å setja fri akademikar, studentar og andre medlemar av uighur-folket som er blitt arresterte berre for ha brukt sin akademiske fridom, sin ytringsfridom, retten til å stilla spørsmål ved ting og retten til å organisera seg.

Åtak på akademikarar og studentar over heile verda

Til saman har Scholars at Risk altså fått rapportar om 294 åtak mot studentar og akademikar frå september 2017 til 31. august 2018. 79 handla om drap, vald og forsvinningar, medan 88 handla om fengslingar. Desse åtaka på akademisk fridom har funne stad i 47 land over heile verda.

Direkte åtak på universitetsområde er det blitt meldt om frå Afghanistan, Kenya, Nigeria og Pakistan, medan det er rapportert om målretta åtak på enkeltakademikarar i India, Pakistan, Tyrkia og i Yemen. I USA har enkeltgrupper gått til åtak på akademikarar dei ikkje likar meiningane til, anten dei tilhøyrer venstre- eller høgresida i det polititiske landskapet.

Ber alle land om å styrkja den akademiske fridomen

Scholars at Risk oppfordrar alle statar, leiarar for høgare utdanningsinstitusjonar, det sivile samfunnet og folk i alle land til å vedgå offentleg problema med åtaka på høgare utdanning, fjerna lover som blir brukte til å rettsforfylgja akademikarar og studentar og respektera retten studentar har til å delta i fredelege, organiserte ytringar, fjerna reiserestriksjonar og bidra til at prinsipp som akademisk fridom og institusjonell autonomi vert styrkte.

Idear er ikkje brotsverk og kritiske talar er ikkje uttrykk for illojalitet, understrekar Scholars at Risk til styresmakter og universitetsleiarar over heile verda.

Powered by Labrador CMS