Kan ha funne over 1000 nye planetar

Keplerteleskopet kan ha funne over 1000 nye planetar utanfor vårt solsystem. – Det mest spennande er at stadig fleire av planetkandidatane byrjar å likne på vår eigen planet, seier norsk astrofysikar.

Planetsystemet Kepler-11 med seks planetar i ein illustrasjon av ein kunstnar. No har Keplerteleskopet funne 1091 potensielle nye planetar. Denne illustrasjonen viser Kepler-sondens observasjon august i fjor, da flere av planetene krysset solskiven samtidig. (Bilde: NASA/Tim Pyle)
Planetsystemet Kepler-11 med seks planetar i ein illustrasjon av ein kunstnar. No har Keplerteleskopet funne 1091 potensielle nye planetar. Denne illustrasjonen viser Kepler-sondens observasjon august i fjor, da flere av planetene krysset solskiven samtidig. (Bilde: NASA/Tim Pyle)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Eksoplanet eller ekstrasolar planet

Planet utanfor vårt eige solsystem.

Keplerteleskopet ,som vart skote opp i 2009, ser etter eksoplanetar med formørkingsmetoden. Teleskopet registrerer lysreduksjonar av stjerner som kan skuldast passerande planetar.

Per 6. mars 2012 er talet på bekrefta eksoplanetar 759.

(Kjelde: snl.no)

 

Heile 1091 potensielle nye eksoplanetar (sjå faktaboks) er fanga opp av NASAs Keplerteleskop, ifølgje ein ny studie.

Med dette er talet på moglege nye planetar utanfor vårt eige solsystem komme opp i hele 2321.

Planetane er enno ikkje bekrefta, og blir difor omtalt som planetkandidatar. Funna er basert på analysar som er samla inn av romteleskopet i perioden mellom mai 2009 og september 2010.

Likevel er det ifølgje forskarane ved Kepler grunn til å tru at dei aller fleste vil vise seg å vere faktiske planetar:

– Vi har ein statistisk grunn til å trur at om lag 90 prosent av dei er reelle planetar, seier astronom Ronald Gilliland i Keplerteamet til National Geographics.

 

_____________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS