Vikingane reiste til Irland med seglskip. Dette er Osebergskipet. Det er i hovudsak på Vestlandet ein finn gjenstandar frå Irland, frå Austlandet reiste ein heller til Sverige og Danmark. (Foto: Kulturhistorisk museum, UiO)
Utstilling i Bergen:Skal vise fram kva vestlands-vikingane plyndra frå Irland
Ein del av gjenstandane som vart stolne frå Universitetsmuseet i 2016, var truleg stolne ein gong før: Frå Irland i vikingtida.
Hilde KristinStrandjournalist i på høyden
Publisert
– Nokre av vikingane var nok berserkar. Men det har òg gått føre seg handel.
Det seier arkeolog Irene Baug. Tysdag opna utstillinga «Skattar frå gravene» som ein del av mellomalderveka. Utstillinga viser at det har vore mykje kontakt mellom Irland og Noreg, særleg Vestlandet, i vikingtida. I norske graver har ein nemleg funne mykje sølv frå Irland. Irske utgravingar har gitt ein funn av mellom anna klebersteinsprodukt. I doktoravhandlinga si viste Baug at det allereie i vikingtida starta produksjon mellom anna i Hyllestad.
Kyrkjer og kloster
Vestlandske vikingar har truleg funne ein nisje: Irland. Vegen dit var ganske lang, men der fanst det kloster og kyrkjer. Utan vakthald, men med mange glitrande skattar. Dette vart teke heim til Noreg. Sølvbeslag frå kister og skrin kunne til dømes verta kvinnesmykke.
Slike skålforma spenner har ein funne i graver i Noreg, og ein trur at dei mektige viking-husfruene brukte dei. Men truleg kom dei frå Irland - kanskje som tjuvegods. (Foto: Olav Espevoll/Universitetsmuseet)
- Nokre av gravfunna er så rike på smykke at me rett og slett lurer på om kvinnene var irske, altså at dei vart med til Noreg, seier Baug.
Vikingane reiste med seglskip. Først reiste dei truleg med enkeltskip, men etterkvart meir på tokt. Det største angrepet skal ha vore med 60 skip – totalt 3000 menn.
- Me trur det har gått føre seg slavehandel, men veit ikkje sikkert om slavane har vorte med til Noreg, eller om dei har vorte selt vidare i Irland til nokon som hadde spesialisert seg på slavehandel, seier Baug.
Kartet viser vikingane sine ruter. Ottar frå Hålogaland var ein mektig mann, og eigde land heilt til det som i dag er Finnmark. Han krevde inn skatt frå samane - i form av skinn. Reinsskinn er difor òg blant det som er funne i Irland, det har nok vore ein form for valuta. (Foto: Frå utstillinga/Universitetsmuseet)
Men gjenstandane vart med til Noreg. Utstillinga som opna på Universitetsbiblioteket i Bergen, er ei posterutstilling. Mange av gjenstandane som vert vist der, kan ein no sjå på Universitetsmuseet, som har ei eiga vikingskattutstilling.
- Betyr det at ein del av tinga som vart stolne frå museet i 2016, først hadde vorte stolne frå Irland?
Men vikingane kom heim med meir enn skattar. Dei frakta òg kristendommen med seg heim. Irland var eit kriste land allereie i vikingtida, og med seglskipa heim kom både ideologi, tankar og tradisjonar.
Irland var allereie eit kriste land då vikingane kom dit. Kristendommen og dens symbol var noko av det som vart med til Noreg. (Foto: Svein Skare/Universitetsmuseet)
Attende i Noreg vart det laga høge, frittståande steinkrossar, i keltisk stil. Men dei vart laga i Noreg, med stein frå Hyllestad.