– Det finst ingen fagtradisjonar som er så spesielle at berre engelsk fungerer, seier Jørn Øyrehagen Sunde. (Foto: Anders Kjetland/UiB)

Fryktar at nynorsk som rettsspråk kan forsvinne

Det hjelper ikkje å prate om det – bruk av norsk språk må premierast på lik linje med engelsk, meiner professor Jørn Øyrehagen Sunde.

– Nokon betalar for forskinga eg gjer – alt eg driv med som forskar er finansiert av skattebetalarane i Noreg. Dersom eg ikkje brukar språket dei brukar, mistar all min aktivitet legitimitet. Eg blir ikkje lenger relevant, fordi eg ikkje lenger er tilgjengeleg, seier professor ved Universitetet i Bergen (UiB), Jørn Øyrehagen Sunde.

Den meritterte professoren og rettshistorikaren er ein profilert nynorskbrukar i eit fagfelt der bokmål tradisjonelt er svært dominerande.

Han peikar på tellekantsystemet, som premierer publisering på engelsk. Det er hovudgrunnen til at norsk blir fortrengt som fagspråk, meiner han.

– Så lenge du har insentiv til å skrive engelsk må du ha det same for å skrive norsk og nynorsk. Elles gir deg seg sjølv korleis utviklinga vil bli, trass gode intensjonar. Om ikkje kursen blir endra, vil nynorsk som rettsspråk forsvinne om 20 år. Eg er alvorleg bekymra fordi så få studentar i dag vel nynorsk.

– Galskap

Sist veke kom rapporten «Språk i Noreg – kultur og infrastruktur» frå Språkrådets framtidsutval. Der kjem det mellom anna fram at berre 0,9 prosent av alle doktorgradar og 2 prosent av masteroppgåvene i Noreg blir skrivne på nynorsk.

Blant det vesle mindretalet av doktorandar som vel norsk framfor engelsk, skriv ein av ti på nynorsk.

På Høyden har tidlegare omtalt den markante nedgangen i bruk av norsk som publiseringsspråk til fordel for engelsk. Ved UiB og dei andre store universiteta er no godt over 90 prosent av den vitskapelege publiseringa på engelsk.

Rapporten frå Språkrådet viser også at på at stadig meir av undervisninga føregår på engelsk, og engelsk vinn terreng i læremiddel og pensum.

– Ein med fersk doktorgrad som skal søke jobb vil mellom anna bli vurdert utifrå kva han eller ho har publisert internasjonalt. Det gjer det til galskap å publisere på norsk, slik det er i dag. Poenget er at det hjelp ikkje å prate om at vi skal vere medvitne om språk, utan å premiere det. Gode intensjonar vinn ikkje over insentiv, seier Sunde.

Han skriv sjølv omtrent 50/50 engelsk og nynorsk, ein sjeldan gong bokmål når han skriv saman med bokmålsbrukarar.

– Språket eg brukar er også med på å styre kva type formidling eg gjer. Held eg meg til engelsk, blir denne formidlinga for fagfeller. Historielag, departement, skular – alt dette blir det ikkje plass til. Om eg skulle avgrense meg til engelsk vil det gjere meg mindre synleg – og relevant.

Fagleg doping

Sunde trur også ein annan faktor enn system og tellekantar spelar inn: Språkleg latskap.

– Mange faglege tradisjonar er prega av dette. Alle med norsk som morsmål kan formidle forskinga si på norsk. Men det er klart, gjer ikkje professoren det, skal det mykje til for at master- eller doktorgradsstudenten gjer det, seier han.

For ein nynorskbrukar, ikkje minst på juss, kan utfordringa vere ekstra stor. Kjelder og litteratur er oftast på bokmål eller engelsk. Omsetjing er tungt arbeid, men mest til å begynne med, meiner professoren.

– Det er som med trening, dei som vel den tunge vegen kjem i betre form. Å skifte språk når ein begynner som student eller på ein ph.d. er fagleg doping. Du kjem raskt opp på eit nivå, men det er vanskelegare å vere kritisk til stoffet.

Sunde meiner det ligg ei fagleg bevisstgjering i å arbeide med språket – sitt eige språk i møte med andre språk.

– Det bidrar i seg sjølv til å styrke den faglege innsikta ta sitt eige språk i bruk.

– Gir blaffen i språket vårt

Universitet og høgskular har eit lovpålagt ansvar for å ta vare på norsk språk. Ifølgje rapporten frå Språkrådets framtidsutval blir dette ikkje tatt alvorleg nok. Det er også delte meiningar om kva plass norsk skal ha.

Professor i psykologi ved UiB, Torill Lindstrøm, tok i På Høyden til orde for å tenke «funksjonelt». Ifølgje henne bør akademikarar satse på engelsk og heller ta vare på det norske språket i daglegtalen.

Ved NTNU har ein ny plan for internasjonalisering slått fast at engelsk skal vere hovudspråk på masternivå. Ved UiB har rektor slått fast det same er uaktuelt i Bergen. Ein underskriftskampanje er i gang ved NTNU i protest mot dette, ifølgje Universitetsavisa.

Denne tankegangen står fjernt for rettshistorikaren og professoren på Dragefjellet.

– Det finst ingen fagtradisjonar som er så spesielle at berre engelsk fungerer. Hadde det vore slik, at norsk ikkje strekk til, hadde vi fortsatt brukt latin. Vi har mista viljen til å utvikle vårt eige vitskapsspråk. Heile 18- og 1900-talet brukte vi på det. No verkar det som vi gir blaffen i språket vårt, seier Sunde.

«Menneskemål»

Når norske studentar og doktorandar ikkje tør bruke språket sitt, blir det ikkje mindre vanskeleg å bruke den nynorske målforma. Fordommar er effektive bremser. Sunde meiner det kviler på professorane som brukar nynorsk å få studentane med seg.

– Studentane må få sjå at det er mogleg. Det er ikkje lett å komme på universitetet og skulle halde på sitt minoritetsmål om ikkje professorane viser veg og er rollemodellar. Det ligg på oss som brukar nynorsk som ei særleg oppgåve.

Han peikar på at det er ei lang historie for å diskriminere nynorskbrukarar.

– Den første juridiske eksamen på nynorsk vart avlagt i 1909 av Ketil Skogen. Han fekk dårlegaste ståkarakter og følgjande kommentar: «Dette hadde vært rett så bra om det var skrevet på menneskemål». Om eg skulle ta den enkle vegen og bruke bokmål, ville det vere ein vanvørnad mot dei som har slåst for retten til å få bruke nynorsk før meg, seier Sunde.

Denne saken ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS