Ola M. Johannessen stifta Nansensenteret for 30 år sidan. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)

Over polhavet i 30 år

Ola M. Johannessen starta sitt eige forskingsinstitutt, litt på trass av universitetsbyråkratiet. No fyller instituttet hans 30 år.

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

Nansensenteret

Senteret blei stifta i 1986 av Stiftelsen Universitetsforskning i Bergen, GC Rieber & Co AS og Tenneco Oil Inc.

Senteret hadde i 2014 eit søttitals tilsette, inkludert stipendiatar. Dei kjem frå 18 ulike nasjonar.

Omsetnaden i 2014 var på 66,7 millionar kroner, og forskinga er fokusert rundt klimaendring, arktisk og marin fjernmåling, havmodellering og varsling, samt samfunnskonsekvensar av verdsomspennande endringar.

Ola M. Johannessen har leia senteret i fleire tiår, men har formelt vore ute av styret og leiarposisjonar sidan 2012.

Gjennom Nansen Scientific Society har Johannessen halde fram med å styre dei internasjonale sentra i India, Kina, Sør-Afrika, Russland og Bangladesh.

I tillegg til Forskingsrådet og EU har GC Rieber og Trond Mohn vore med på å finansiere forskinga ved senteret.

Han sit på eit opprørt hav. Ikkje av vatn, og denne gongen heller ikkje av is. Men av rot.

Ola M. Johannessen (78) ryddar på kontoret sitt, bøker, artiklar og eit og anna måleinstrument er spreidd utover heile rommet. Nedst i ein bunke ligg ei original «Nansenflaske», eit prøvetakingsinstrument for store vassdjup, som både måler temperatur, trykk og hentar vassprøver frå bestemte djupner.

Lite ressursar i Noreg

Johannessen har nokre år å rydde opp i. Han blei cand. real. i Bergen i 1965, og sia har han berre forska, både i Brasil, Canada, Italia og Noreg. Og med få unntak har det vore polare strøk som har vore forskingsobjektet til den fysiske oseanografen.

I 1975 kom Johannessen til ei stilling som førsteamanuensis i Bergen, etter å ha jobba for Nato i Italia. Overgangen var brå.

– Eg byrja på Geofysen. Der blei du heilt nullstilt, du fekk løn, men det var stort sett det du fekk. Eg lurte på kva faen eg hadde gjort no, fortel Johannessen.

Ei ung utgåve av Arktis' konge, isbjørnen. Ola M. Johannessen til høgre. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)

Skepsis mot fjernmåling

Åra i utlandet hadde gitt han god tilgang til forskingsressursar for å innhente data. Slik var det ikkje på norske universitet på 1970-talet. Dei klassiske oseanografane var skeptiske til å bruke fjernmåling, men Ola M. Johannessen hadde allereie data frå satellittar allereie då han jobba i Canada på 60-talet. I løpet av nokre år fekk dei òg i stand samarbeid som førte til gjennombrot i isforskinga, mellom anna i det store prosjektet Marginal Ice Zone Experiment (MIZEX) frå 1980 til 88, der 250 forskarar samarbeidde om eit stort forskingsprogram som forska på ulike tema kring iskanten.

– Då fekk vi publisert artiklar i Science om korleis iskanten flytta seg, fortel Johannessen.

Når det bles opp, pakkar isen seg saman. Men blir det storm, blir han broten opp. Nansensenteret har vore internasjonalt orientert. Men under den kalde krigen var det ikkje like lett i nordområda, der mellom anna sovjetiske ubåtar hadde sine operasjonsområde.

– På eit tokt i 1977 hadde vi ein russisk isbrytar etter oss heile tida.

Oppstartshjelp av Rieber

Johannessen og ei gruppe kollegaer så mulegheitene som låg i fjernmåling, og ønskte å starte noko for seg sjølv. Ein litt meir tungrodd og byråkratisk organisasjon på universitetet var noko av det som låg bak.

– Eg gjekk til Bjart Nygård, som var ein seglarven, og han snakka med Christian Rieber, fortel Johannessen.

Rieber var positivt innstilt, men og ein forretningsmann. Johannessen sa at dei trengte lokale, og gratis leige i tre år for å komme seg i gang.

– Vi fekk to års gratis leige, humrar Johannessen.

Så var det berre å begynne å jakte på pengar

Tidlig bilde av overflatetemperatur fra satellitt som viser finskala hvirvler langs den norske kyststrøm. Bildet ga unik informasjon om hvor oseanografiske målinger burde gjøres for å observere dynamikken i kystrømmen. Dataene ble lastet ned ved Tromsø Satellittstasjon (TSS) lagret på magnetbånd og sendt med fly til Bergen for prosessering og analyse. Ingen www-kilde for dataene den gang. (Foto: Nansensenteret)

Pengejakt

Universitetet i Bergen blei òg ein medstiftar av Nansen Environmental and Remote Sensing Center (NERSC), og oljeselskapet Total blei og med og bidrog med kapital.

– Og så var det berre å begynne å jakte på pengar, seier Johannessen.

Det har senteret vore dyktige på, og dei har ein svært god økonomi. I byrjinga var satsinga mest på satellittbasert måling, og dei har samarbeidd mykje med Eurpean Space Agency (ESA).

Frå Grønland til globalt

Eit anna område som har vore sentralt for Nansensenteret er Grønlandsisen, som kan ha stor innverknad på klimaet.

– Eg blei veldig interessert i Grønlandsisen. Om han smeltar vil det tilføre masse, slik at havet stig, fortel Johannessen.

Senteret har brukt ukonvensjonelle måtar å samle inn data på. Mens det vanlege i forskingsverda har vore velutstyrte forskingsskip har Nansensenteret leigd inn seglbåtar for å hente inn data i grønlandske fjordar.

– Vi hadde ein russar som var med på seglbåten, og sjølv flaug eg over i helikopter.

Målet var å finne ut korleis eit varmare atlanterhavsvatn påvirka kalvinga til breane på Grønland.

St. Hans fest på tokt med Polarbjørn på isen under NORSEX´79 (Norwegian Remote Sensing Experiment) ledet av Ola M. Johannessen. (Foto: Nansensenteret)

Vanskeleg å spå om 100 år

Nansensenteret var tidleg ute med å varsle at all sommarisen i Arktis etter kvart kan forsvinne. Sjølv reknar Johannessen seg blant dei moderate klimaforskarane.

– Det er udiskutabelt at vi er inne i ein periode med global oppvarming. Men det er mykje som er usikkert når ein skal sjå 100 år fram i tid. Eg har eit balansert bilete av det heile. Du har dei som er skeptiske, og dei som er overivrige, seier han om klimadebatten.

Senter ute i verda

Nansensenteret har utvikla seg frå å vere eit senter i Bergen til å bli ein internasjonal organisasjon med avleggjar-senter i Sør-Afrika, Russland, Kina, India og Bangladesh, delvis finansiert av overskotet frå Bergen.

– Mi eiga karriere har òg gått frå å vere meir regional til å bli meir global, seier den aldrande men framleis spreke klimaforskaren.

Ola M. Johannessen på Grønland i 2006. (Foto: Nansensenteret)

Vekk frå PC’en

Johannessen er ein gründer-type, og har fått kritikk for å ha vanskar med å gi livsverket over til nye generasjonar. Han forskar framleis, har kontoret på senteret, men fokuserer på Nansen Scientific Society, som har mykje å gjere med dei internasjonale sentera.

Sjølv synest Johannessen at han noko uforskyldt blei lasta for å vere ein sjuande far i huset.

– Eg har ingen leiarfunksjonar, og deltek ikkje i diskusjonen om leiarskap i det heile tatt. No fokuserer eg på Nansen Scientific Society. Eg er fullt opptatt med forsking, og framleis klar i toppen. Og body’en henger med òg.

Men eitt råd til framtidige forskarar og andre har Johannessen:

– Kvar dag står eg opp, røykjer éin sigar, og drikk fem koppar kaffi, og tenkjer. Folk tenkjer alt for lite i dag. Dei må sitte utan den jævla PC’en framfor seg kvar dag, og tenkje! 

Saken ble først publisert i På Høyden. 

Powered by Labrador CMS