
Og namnet blir OsloMet - Storbyuniversitetet
Høgskolen i Oslo og Akershus vil skifta namn til OsloMet - Storbyuniversitetet. Det vedtok styret for høgskolen i dag med seks mot fem stemmer.
I løpet av debatten kom det ikkje opp andre radikale forslag enn innstillinga frå rektor Curt Rice ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Framlegget var OsloMet –Storbyuniversitetet (bokmål og nynorsk) og OsloMet - Oslo Metropolitan University (engelsk).
Seks mot fem stemmer
Til slutt stod det mellom mindre variantar av det opphavlege framlegget frå rektor Curt Rice, der det var snakk om å ha med OsloMet i større eller mindre grad. Å døma utifrå debatten var det mange som ikkje likte namnet, sjølv om dei ikkje kunne leggja fram forslag som ville få meir støtte.
- Les også denne saken på Uniforum: NOKUT vil gi HiOA universitetsstatus
Derfor var styret delt under avrøystinga, og fem stemte imot, medan seks stemte for forslaget frå rektor Curt Rice og administrasjonen. Dermed vil namnet Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) truleg bli gravlagt og bli erstatta av OsloMet - Storbyuniversitetet.
– Må innehalda universitet
Før diskusjonen starta stilte Curt Rice også eit ultimatum: – Namnet må innehalda universitet, understreka han. Og det ynsket fekk han oppfylt med namnet OsloMet - Storbyuniversitetet, og på engelsk altså OsloMet - Oslo Metropolitan University. Kongen i statsråd tar den endelege formelle avgjerda når det gjeld namnet på institusjonen.
Nye studentar kan starta på universitet i 2018
No kan det vedtatte namneforslaget frå styret for Høgskolen i Oslo og Akershus fylgja med søknaden om akkreditering som blir sendt til Kunnskapsdepartementet.
Det er altså Kongen i statsråd som dereretter avgjer om Høgskolen i Oslo og Akershus får endra institusjonskategori til universitet og kva namn universitetet vil ha. Først då vil HiOA få godkjenning til å ta bruk namnet som blei vedtatt av styret i dag, altså OsloMet - Storbyuniversitetet på bokmål og nynorsk og OsloMet -Oslo Metropolitan University på engelsk.
Om det går så fort som leiinga ved HIOA håpar, kan det nye namnet vera endeleg på plass til dei nye studentane begynner hausten 2018.