VG har no fått eit oversyn over dei samla utgiftene til bruk av taxikort frå og med 2015 til og med 2018. (Foto: Aleksander Andersen, NTB Scanpix)

UiO-leiarar brukte taxikort for 6,6 mill. på fire år

Leiarar ved Universitetet i Oslo har brukt taxikort for 6,6 millionar dei siste fire åra, melder VG. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen meiner taxikortbruken ikkje kan halda fram som før.

Førre helg avslørte VG at biologiprofessor Nils Chr. Stenseth hadde kjørt taxi på UiOs rekning for over ein halv million kroner på under tre år. Han betalte alltid drosjeturane med eit taxikort frå UiO. Stenseth forsvarte taxibruken med at han hadde gjort det i teneste for vitskapen og UiO.

• Les i Uniforum: Professor Nils Chr. Stenseth kjørte taxi for ein halv million på UiOs rekning

I eit innlegg i Uniforum dagen etter gav han hovudadministrasjonen til UiO skulda for at den utstrekte drosjebruken hans. Han meinte dei burde ha åtvara han allereie eit halvt etter at han tok i bruk taxikortet.

• Les i Uniforum: Stenseth refsar UiO-administrasjonen etter avsløringa av drosjeturar for ein halv million

• Les i Uniforum: The University of Oslo is a good university - but with major administratitve defiences.

259 taxikort

VG har no fått eit oversyn over dei samla utgiftene til bruk av taxikort frå og med 2015 til og med 2018. Tala viser at leiarar ved UiO har betalt drosjeturar med taxikort for til saman 6,6 millionar kroner. Det blei kjørt mest taxi i 2017. Då blei det betalt drosjerekningar for 1,8 millionar kroner med taxikorta. Ifylgje nytilsett universitetsdirektør Arne Benjaminsen har leiarar ved UiO disponert til saman 259 taxikort sidan 2016.

– Kan ikkje halda fram som me har gjort

Då avisa spør han om UiO har vurdert å fasa ut eller leggja ned ordninga, svarar han slik:

– Det er for tidleg å konkludera no, men det er tydeleg at me ikkje kan halda fram som me har gjort. Om det gjer at me går heilt bort frå bruk av taxikort eller gjer andre endringar, må me koma tilbake til, seier Arne Benjaminsen til VG.

UiB brukte 100 000 på taxikort i 2018

Avisa har også undersøkt kva andre universitet brukar på taxikort årleg. Ved Universitetet i Bergen blei det brukt 100 000 kroner i 2018. Ved Universitetet i Stavanger tok dei 1095 tilsette i 2018 taxi 3759 gonger til litt over 1,7 millionar kroner.

Ved NTNU blei det brukt 1,2 millionar på taxikort både i 2017 og 2018. Universitetet i Tromsø hadde i 2018, samla utgifter for bruk av taxikort på rundt ein halv million kroner i 2018. Dei 12 taxikorta ved OsloMet blei i 2018 brukt til drosjeturar for ein samla pris på 160 000 kroner.

VG viser også til at det ikkje er inngått ein felles avtale om bruk av taxikort i staten. Det opplyser fungerande avdelingsdirektør Erik Heen til avisa.

Denne saken ble først publisert i Uniforum.

Powered by Labrador CMS