Professor Bernt Aardal, forfattar Arild Stubhaug, professor Øyvind Østerud og politisk redaktør Trine Eilertsen diskuterte korleis Stein Rokkan og modellane han laga hadde settt spor etter seg i samfunnvitskapen og i analysen av norsk og internasjonal politikk. (Foto: Ola Sæther)
Professor Bernt Aardal, forfattar Arild Stubhaug, professor Øyvind Østerud og politisk redaktør Trine Eilertsen diskuterte korleis Stein Rokkan og modellane han laga hadde settt spor etter seg i samfunnvitskapen og i analysen av norsk og internasjonal politikk. (Foto: Ola Sæther)

Stein Rokkan - eliteforskaren frå periferien som takka nei til eliteuniversiteta

Stein Rokkan var statsvitaren som først lanserte omgrepet sentrum-periferi i statsvitskapen. Han forma også faget samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. No har Arild Stubhaug skrive bok om mannen.

Publisert

Det var stinn brakke hos Institutt for samfunnsforskning i Munthes gate, då Stein Rokkan-biografen Arild Stubhaug skulle fortelja om statsvitaren frå Narvik og Lofoten. Fleire av dei var tidlegare kollegaer eller studentar av Stein Rokkan, og mange hadde hatt artiklane hans på pensum i statsvitskap eller i samanliknande politikk.

– Eg trur rett nok eg las Stat, nasjon, klasse tre gonger før eg fekk med meg heile innhaldet, men den var likevel viktig for meg, vedgjekk politisk redaktør Trine Eilertsen i Aftenposten, som sjølv har hovudfag i samanliknande politikk.

– Han evna å visa at gjennom historia kan du sjå framover og ikkje berre tilbake, var hennar inntrykk av tekstane hans.

Slo gjennom som valforskar

I biografien til Arild Stubhaug går det fram at Stein Rokkan ikkje berre var mannen som lanserte omgrepet «sentrum og periferi», men også omgrepet «motkulturer» for å kunna forstå norsk historie og politisk utvikling. Han stod også bak setninga «stemmer teller, men ressurser avgjør» i val.

Hvem var Stein Rokkan?

- fødd i Vågan i Lofoten i 1921

- familien flytta til Narvik i 1926 der han vaks opp

- begynte på Universitetet i Oslo i 1939

-t ok fransk, idéhistorie og filosofi

- fekk jobb hos Unesco i Paris i 1948

- begynte som forskar ved Institutt for samfunnsforsking i 1950

- starta valforskingsprogrammet og 7-landsprosjektet i 1957

- fekk stilling ved Christian Michelsens institutt i Bergen i 1957

- i 1966 blei han utnemnt til professor i sosiologi ved Universitetet i Bergen

- bygde opp faget samanliknande politikk ved UiB

- døydde i 1979

Og det var som valforskar han slo igjennom i det norske forskingsmiljøet rett etter at han i fleire år hadde arbeidt for Unesco i Paris etter å ha blitt handplukka av filosofiprofessor Arne Næss i 1948. I 1950 kom han til Institutt for samfunnsforskning.

– Der starta han saman med forskarkollegaen Henry Valen valforskingsprogrammet og 7-nasjonarsprosjektet, fortalde Arild Stubhaug.

I det sistnemnde prosjektet ville han sjå på korleis folkeskulelæraren fungerte som samfunnsbyggjar i sju land i Europa. Desse landa var Noreg, Sverige, England, Belgia, Nederland, Frankrike og Vest-Tyskland.

Ikkje flink til å ta vare på helsa

– På det viset hadde mannen som begynte å studera idéhistorie og filosofi gått over til empirisk samfunnsforsking, trekte han fram. Etter hans meining var Stein Rokkan eit førebilete på mange område, men med eit viktig unntak.

– Han var ikkje flink til å ta vare på helsa si, og derfor arbeidde han seg i hel berre 58 år gammal. Arild Stubhaug kom også med ein liten anekdote som viser både viljen til Stein Rokkan og gjennomslaget han hadde i samfunnsvitskapen i Noreg.

Ville ha Øyvind Østerud i professorat

– Stein Rokkan og kona Elisabeth hadde vore på ein middag som markerte 60-årsdagen til ein av kollegaene til kona på Engelsk institutt ved Universitetet i Bergen. Då han kom heim igjen sette han seg ned for å arbeida igjen noko han vanlegvis aldri gjorde så seint på kvelden. Det viste seg at han skreiv ei grunngjeving for kvifor Øyvind Østerud burde tilsetjast i professoratet i fredsforsking i Oslo etter Johan Galtung. Dei andre to i tilsetjingskomiteen hadde gått inn for svenske Håkan Wiberg, som kom frå fredsforskingsinstituttet ved Lunds universitet i Sverige.

Arild Stubhaug har skrive biografien "Stein Rokkan - fra periferi til sentrum" (Foto: Ola Sæther)
Arild Stubhaug har skrive biografien "Stein Rokkan - fra periferi til sentrum" (Foto: Ola Sæther)

– Rokkan meinte at det kunne føra til ei ghettoisering av fredsforskinga. Han ville heller ha Østerud som hadde forska på konfliktgenerering og strategiar for konfliktløysingar på område som bondemobilisering og nasjonsbygging. Dagen etter døydde Stein Rokkan. Men argumenta hans for Øyvind Østerud fekk oppslutnad og han fekk professoratet, kunne Arild Stubhaug fortelja.

– Godt kjent, men lite lesen

Det var nettopp mannen som kunne takka Stein Rokkan for det første professoratet sitt, Øyvind Østerud,som kunne overta ordet etter innleiinga til Arild Stubhaug.

– Eg var ofte med han på utanlandsreisene hans, og eg kjente han godt. Det er mogleg å seia om Stein Rokkan at han er godt kjent, men lite lesen, konstaterte han.

Likevel meinte han at han hadde sett solide spor etter seg.

– Modellane han laga, skulle vera enklast moglege. Etter kvart blei dei meir og meir kompliserte, for han las all mogleg teori i sosiologi. Han rakk aldri å gjera ferdig ein endeleg altomfattande modell, sidan han døydde så tidleg. Men han var tidleg ute med å kombinera historiske teoriar med komparativ analyse og oppretting av store databankar, trekte han fram.

Det vest-romerske riket som utgangspunkt for statsbygging

Øyvind Østerud viste korleis Stein Rokkan tok utgangspunkt i situasjonen i det vest-romerske riket då han begynte å utvikla teorien sin om statsbygging.

– Då handla det om føydalisering og ei ordning med kyrkja. I Nord-Europa og i Nederland var det berre fyrstestatar, sa Øyvind Østerud.

Han viste til korleis Stein Rokkan meinte det store skiljet i statsbygginga i Europa kom til under reformasjonen. Han delte utviklinga inn i fire delar:

  1. Statleg sentralisering gjennom oppretting av eit militærvesen finansiert av skattlegging
  2. Kulturfaktor: Reformasjonen førte til at Bibelen blei omsett til det nasjonale språket og førte til utvikling av eit nasjonalt skriftspråk.
  3. Retten til individet. Basert på allmenn stemmerett
  4. Sosialstaten med ein velferdsmodell med vekt på omfordeling og sosiale tryggingsnett.

Fungerte ikkje i avkoloniserte land

Øyvind Østerud spurte sjølv om modellen framleis er aktuell.

– Ja, den fungerte greit over ein periode der det blei sett på utviklinga i europeiske land. Men kva skjedde i land etter avkoloniseringa? Det svarte Rokkan slik på : Politisk deltaking i splitta samfunn. Alle desse utfordringane kjem samtidig og derfor går det ikkje, meinte Rokkan, ifylgje Østerud.

Europeiske periferiar

Også på andre område i Europa lanserte Rokkan teoriar som skulle forklara utviklinga i eit land eller i ein region. Østerud trekte fram det Rokkan kalla for europeiske periferiar: – Det er Baskarland, Catalonia. Po-sletta i Italia, Sør-Frankrike, Korsika og Skottland. Desse regionane har ei blokkert statsbygging uansett kva som skjer. Dei greier ikkje det dei vil, fordi dei sit fast i eit statsmønster som dei ikkje har kjempa imot, var teorien til Rokkan, forklarte Østerud.

Professor Øyvind Østerud fekk professorat i fredsforsking etter tilråding frå Stein Rokkan. Tilrådinga var den siste teksten Stein Rokkan skreiv, før han døydde. (Foto: Ola Sæther)
Professor Øyvind Østerud fekk professorat i fredsforsking etter tilråding frå Stein Rokkan. Tilrådinga var den siste teksten Stein Rokkan skreiv, før han døydde. (Foto: Ola Sæther)

Det er likevel ting som skjer i dag, som Rokkans teoriar ikkje kan forklara.

– Det handlar om dagens utvikling av partimønsteret med populistparti og protestparti i tillegg til antiglobaliseringsrørslene, sa han.

– Skjult bak Rokkans store namn

Så kom Østerud også inn på EU.

– Og kvifor er politisk samling av Europa så vanskeleg? Verdifellesskap på tvers. Gjensidig tillit mellom Tyskland og Hellas? Det er spenning mellom nord og sør, og mellom vest og aust i EU. Det er mykje å henta i Rokkans teoriar,, men mykje er også skjult bak Stein Rokkans store namn, meinte Østerud.

Dagens arvtakar etter valforskarane Stein Rokkan og Henry Valen, er Bernt Aardal, professor i statsvitskap ved UiO. Han meinte at dei to hadde politikarane å takka for at det blei etablert eit valforskingsprogram.

– Det var Stortinget som påla regjeringa å etablera det, understreka han.

Bernt Aardal gav også Stein Rokkan æra for å ha sett i gang Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) i Bergen saman med Bjørn Henrichsen og Henry Valen.

– Renessanse for modellane hans

Etter Aardals oppfatning er modellane hans også relevante i dag.

– Det er ein renessanse for modellane hans i dag, men dei må sjåast i eit anna perspektiv enn det som blei gjort den gongen dei først blei laga. No må me lyfta blikket av og til, og sjå på tvers av faggrupper som historie, filosofi og idéhistorie, tykte Bernt Aardal.

– Folkerøysting for eller imot vindmøller

Politisk redaktør i Aftenposten, Trine Eilertsen hadde inntrykk av at forholdet mellom sentrum og periferi er like aktuelt no, som det var då Stein Rokkan laga modellen sin.

– No handlar det om vindkrafta og dei i distrikta som meiner avgjerder blir tatt over hovudet deira av folk i Oslo. I går var det folkerøysting for eller imot vindmøller på Frøya og motstandarane vann med over 80 prosent. Samtidig har Senterpartiet ein oppslutnad på meiningsmålinga som aldri har vore større sidan 1993, året før den siste folkerøystinga om norsk medlemskap i EU, konstaterte ho.

Takka ja til Bergen og nei til Harvard

Og mange lurer truleg framleis på kvifor Stein Rokkan ikkje fekk nokon vitskapleg stilling i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

I Arild Stubhaugs biografi går det fram at han søkte Noregs aller første dosentur i statsvitskap her på UiO, men det var Thomas Chr. Wyller som fekk det. Like etterpå takka Rokkan ja til tilbodet om ei stilling ved Christian Michelsens institutt i Bergen. Derifrå var vegen kort til Universitetet i Bergen, der han etter kvart fekk ansvaret for å byggja opp faget samanliknande politikk.

Stein Rokkan fekk i 1968 tilbod om professorat ved både Harvard, Yale og Stanford i USA. Også universitet i Paris, London og Manchester ville ha han som professor. Likevel valde Stein Rokkan frå Lofoten og Narvik å bli i Bergen, der han budde saman med kona Elisabeth Harris, den britiske kvinna han møtte på ein togtur til Italia. I Bergen budde han fram til han døydde av hjartesvikt i 1979, berre 58 år gammal.

Kjelder:

Arild Stubhaug, Øyvind Østerud, Bernt Aardal.

Arild Stubhaug: Stein Rokkan- fra periferi til sentrum, Vigmostad &Bjørke, 2019

Denne saken ble først publisert i Uniforum.