– Me skal ikkje stoppa samtalen med landet, så lenge me ikkje går på akkord med våre eigne prinsipp. Derfor må me heile tida fylgja med på kva som skjer i landet, understrekar kinesiskprofessor Halvor Eifring. (Foto: Ola Sæther)

Kinesiskprofessor får ikkje visum til Kina

Kina har i det siste ikkje gitt svar på fleire søknader om visum frå kinesiskprofessor Halvor Eifring ved Universitetet i Oslo.

Artikkelen ble først publisert på Uniforum

Uniforum er en avis som utgis av Universitetet i Oslo. Avisen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Ein av UiOs-fremste Kina-kjennarar, professor Halvor Eifring ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk, har fleire gonger i det siste ikkje fått svar på sine visumsøknader til Kina. Han skulle uansett ikkje vera med i den store delegasjonen på 250 universitets- og høgskulerektorar som saman med minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø er i Kina denne veka. Det skulle derimot ein annan Kina-ekspert ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk, førsteamanuensis Koen Wellens. Men han fekk ikkje visum og måtte bli heime.

– Ein god det ting er enno ikkje normaliserte

I eit innlegg i Aftenposten i helga forsvarar både Koen Wellens og Halvor Eifring saman med dei andre Kina-ekspertane Anna Lisa Ahlers, Mette Halskov Hansen og Rune Svarverud, turen til Kina. Dei tre sistnemnde fekk visum.

– Avvisinga av visumsøknadene våre viser at ein god del ting i forholdet mellom Kina og Noreg enno ikkje er normaliserte, seier Halvor Eifring til Uniforum.

– Slår hardare ned på dissidentar

Etter hans meining har det kinesiske regimet endå sterkare kontroll no enn før. – Ein god del ting er blitt forverra dei siste åra. Landet slår sterkare ned på dissidentar og annleistenkjande no enn dei gjorde berre for nokre år sidan. Kina prøver også å involvera seg på fleire område enn før, så sant dei ser seg tent med det.

– Kva tykkjer du om at norske universitet og høgskular med statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø i brodden, drar med ein svær delegasjon på tur til Kina?

– Eg synest det er heilt ok at dei drar til Kina. Me skal ikkje stoppa samtalen med landet, så lenge me ikkje går på akkord med våre eigne prinsipp. Derfor må me heile tida fylgja med på kva som skjer i landet, understrekar Halvor Eifring.

Har registert ei endring

– Er du no blitt persona non grata hos kinesiske styresmakter, slik som Harald Bøckman er blitt?

– Eg veit ikkje. Og då eg sist spurde visumavdelinga deira kvifor eg ikkje fekk visum, svara også dei: «Me veit ikkje.» Med eit breitt smil, medan dei ga meg passet og søknadspapira attende. Det var ei endring frå tidligare, då dei berre svara: «Det veit du sjølv!», fortel Halvor Eifring til Uniforum.

Dystre utsikter for Kina-reise

Sjølv har ikkje Kina-forskar Harald Bøckman, som no er gjesteforskar ved London School of Economics and Political Science,  stor tru på at han nokon gong får visum til Kina igjen.

– Den politiske leiinga i delegasjonen må seia klart frå om til vertane sine om at slik visumnekt er fullstendig uakseptabelt, og at det vil få konsekvensar for samarbeidet i framtida om det gjentar seg, meiner Kina-forskar Harald Bøckman. Sjølv ser han dystert på utsiktene til nokon gong å få visum til Kina. (Foto: Ola Sæther)

– I 2015 blei eg nekta visum for å delta på den historiske verdskonferansen som vart arrangert i byen Ji’nan, med den grunngjevinga om at det var «eit spørsmål om Kinas nasjonale interesser». Eg visste ikkje om eg skulle le eller gråta, men det tyder at utsiktene for meg til å kunne besøkja Kina er heller dystre, seier Bøckman til Uniforum.

– Talar med to tunger

Han kjem også med ein klar dom over at Kina ikkje gir visum til alle norske akademikarar.

– Det faktum at kinesiske styresmakter framleis nektar norske akademikarar innreise viser at kinesiske styresmakter talar med to tunger på bakgrunn av den avtalen som ble inngått med Kina i desember 2016, peikar han på.

– Delegasjonen bør reisa til Kina

Harald Bøckman har ingenting imot at Noreg sender ein akademisk delegasjon til Kina.

 –Trass i visumnekt synest eg likevel at delegasjonen bør reisa, ut frå fylgjande måtar å sjå det på: Det er viktig å få fornya og variert verksemd med Kina på så mange faglege og vitskaplege felt som mogleg, og denne turen vil vera eit godt høve til å bli oppdatert om kva som rører seg på forskjellige felt. Den politiske leiinga i delegasjonen må seia klart frå om til vertane sine om at slik visumnekt er fullstendig uakseptabelt, og at det vil få konsekvensar for samarbeidet i framtida om det gjentar seg. Dette må bli fylgt opp på høgaste politiske hald heime, slår Bøckman fast.

– Kina-kåte administratorar

Og så kjem han med eit argument til:

– Leiinga for delegasjonen bør lytta godt til den Kina-faglege kompetansen som finst blant deltakarane, for me ser stadig fleire døme internasjonalt på at den fagleg-vitskaplege kompetansen blir overkjørt av Kina-kåte administratorar frå universitet og høgskular, seier Harald Bøckman.

Viktig med kunnskapssamarbeid

Koen Willens ville gjerne ha vore med delegasjonsturen til Kina. Men han fekk aldri svar på visumsøknaden sin. Ifylgje Khrono er det etter hans meining viktig med kunnskapssamarbeid.

– Viss me berre skulle samarbeida med statar som har same forståing av menneskerettar som oss sjølve, så ville det ikkje bli mange land. Me kunne til dømes ikkje ha samarbeidt med USA som har dødsstraff, eller Tyrkia på grunn av måten dei behandlar kurdarane på, seier Wellens til Khrono. UiO-rektor Svein Stølen uttalar til Khrono at det er synd at Koen Wellens ikkje har fått svar på visumsøknaden sin.

Delegasjonen frå Noreg vil vera i Kina ut denne veka.

Denne saken ble først publisert i Uniforum.

Powered by Labrador CMS