May-Britt Moser og Edvard Moser har nådd toppen som par. (Foto: Geir Mogen, AFP)

Derfor lukkast forskarpara

Eit felles mål og ein klar arbeidsdeling er felles for suksesspara innan forsking, ifølge vitskapshistorikar.

I samarbeid med NRK

 

Ifølge nobelprisvinnarane May-Britt og Edvard Moser ville ikkje suksessen deira vore mogleg om dei ikkje var eit par.

Og nobelparet har også omgitt seg med fleire andre par i forskinga si. På den tida då gittercellene vart oppdaga, var det heile tre par i laboratoriet i tillegg til Moser-paret.

Er forskarpar rett og slett ein formel for suksess?

– Mange fordelar

– Forsking kan vere veldig konkurranseprega, men viss ein evner å glede seg like mykje over den andres suksess som sin eigen er det mange fordelar, seier Marianne Fyhn til NRK.

Saman med ektemannen Torkel Hafting-Fyhn var ho med på den banebrytande oppdaginga av gittercellene i 2004–2005. I dag leiar dei to ei forskingsgruppe ved Universitetet i Oslo.

Førsteamanuensis Annette Lykknes. (Foto: NTNU)

Med små barn heime, var det svært effektiv for ekteparet at begge var involvert i den same forskinga. Den som det var mest behov for på prosjektet kunne gå på jobb, mens den andre tok seg av barn.

Fyhn legg likevel ikkje skjul på at det ikkje er heilt problemfritt å dele laboratoriebenk med livspartnaren sin. Blant anna konkurrerer ein ofte om dei same pengane og stillingane.

– Det er også fare for at ein ikkje får pause frå jobb når ein kjem heim, fordi det ikkje blir noko skijle mellom heim og arbeid, seier Fyhn.

Eit felles mål

– Fordelane med å forske saman er at ein har ein felles visjon og eit felles mål, og det å kunne diskutere med nokon ein har full tillit til, i eit elles så konkurranseprega akademia, fortel førsteamanuensis og vitskapshistorikar Annette Lykknes ved NTNU.

Lykknes har studert historisk suksessfulle forskarpar og har vore redaktør på boka For better or worse, om par i naturvitskapleg forsking.

Ho er ikkje overraska over at det er eit par som no deler Nobelprisen i medisin eller fysiologi.

Historisk sett er det sjølvsagt talrike eksempel på at den eine halvdelen av eit par, oftast ein mann, har dratt av garde med nobelprisen åleine.

Men for dei tilfella der begge i eit par har lukkast, er det enkelte fellestrekk.

– Noko som går igjen blant para som lukkast er gjensidig støtte, at paret har eit felles mål om at begge skal fram, og at kvar av dei er uavhengige forskarar, seier Lykknes.

– «Moserane» har begge vore på like fot og hatt eigne stillingar. Det trur eg har hatt mykje å seie, seier ho.

Historias første nobelprispar var Marie og Pierre Curie. Dei fekk prisen alt i 1903, for oppdaginga av fenomenet radioaktivitet. Paret er eit svært spesielt tilfelle, sidan dette var så tidleg, ifølge Lykknes.

Dette var ei tid då kvinner knapt hadde tilgjenge til arbeidsliv og utdanning i det heile tatt. Men Pierre var alltid nøye med å trekke fram konas bidrag til forskinga.

– Pierre beundra alltid Marie for hennar faglege kvalitetar og ville få henne fram i lyset, fortel Lykknes.

Marie og Pierre Curie fostra også opp ein ny generasjon forskarpar med dottera deira Irène Joliot-Curie som seinare fekk nobelpris saman med sin mann Frédéric Joliot.

Forskarparet Frédéric Joliot og Iréne Joliot-Curie fekk Nobelprisen i kjemi saman i 1935. (Foto: NTB Scanpix)

Laboratoriefag bygd på samarbeid

Vitskapshistorikaren fortel at det i eit historisk perspektiv ofte har vore par innan laboratoriefag som kjemi, biologi og medisin.

– Naturvitskapleg forsking er bygd på samarbeid, og å jobbe saman i team. Ein er avhengig av samarbeid i mykje større grad enn ein til dømes er i humaniora, fortel Lykknes.

Mange brukar dessutan vel så mykje tid i laboratoriet som heime. Då kan det vere ein fordel å ha ektemannen eller kona på arbeidet, viss ein i det heile tatt skal sjå kvarandre.

– Gifte partnarskap er svært produktive og effektive former for samarbeid, seier Jill Leutgeb til NRK. Ho og mannen Stefan Leutgeb har begge arbeidd i Moser-gruppa. I dag leiar dei kvar si gruppe i nevrobiologi på University of California-San Diego.

– Generelt vil eg seie at gode samarbeid gir god vitskap, og gifte par i det same feltet kan enklare bygge slike produktive forskingsmiljø, meiner ho.

Leutgeb trur at Moser-parets eigen gode erfaring med det å jobbe i par har gjort at dei ikkje har nølt med å tilsette ein mannen eller kona til ein annan forskar når dei har hatt ledige stillingar.

Marianne Fyhn støttar dette synet:

– «Moserane» forstod tidleg at for å trekke til seg på den forskaren dei verkeleg ønska, så var ofte nøkkelen å tilby ein stilling til partnaren og ektefelle til forskaren. Dei færraste grupper har moglegheit til dette, men Moserane har hatt det og har prioritert det, fortel ho.

Powered by Labrador CMS