Kviknes hotell ligger i Balestrand, ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune har 1288 innbyggere.

Store hotell i små bygder

Forskeren forteller:

I mange små vestlandsbygder finst det store turisthotell som byr seg fram på prangande vis. Her har hotellvertar i fleire generasjonar teke i mot gjestar frå heile verda. Korleis har dei klart å drive stort på små stadar?

25.5 2018 05:00

Mi eiga heimbygd er ei av desse fjordbygdene med eit uforholdsmessig stort hotell. Som student var det difor naturleg at eg, som mange andre, trekte heimover i sommarferien for å tene opp pengar til studenttilværet i byen. Langs kaien og vegane var det eit yrande liv om sommaren; utanlandske turistar rusla rundt i bygda med nyfikne ansikt og kamera i hendene. Kafear, kunstgalleri og overnattingsstader var opne. Kontrasten til den stille vinteren, når hotella sløkte lyset og kafeane låste dørene, var mildt sagt stor.

Stort hotell i lita bygd

Det er ikkje berre skilnaden mellom sommar og vinter i turistbygdene som er slåande. Dreg du rundt i Distrikts-Norge, finn du mange slike bygder. Eg er fascinert av at dei store hotella i det heile tatt finst på desse stadene, som gjerne har nokre få hundre fastbuande. Fleire av hotella har vore eigde av dei same familiane i generasjonar. Her, langt frå byane, har dei teke i mot gjestar frå heile verda.

Eg kan ikkje la vere å undre meg over korleis det er å drive stort i ei lita bygd som har få innbyggarar og eit reiseliv som tradisjonelt har vore avgrensa til sommarhalvåret. I internasjonal målestokk er ikkje fjordhotella i distrikta store. Men samanlikna med andre lokale turistbedrifter, som hytteutleige, gardsmatrestaurantar eller guidefirma, som òg brukar å vere familiedrivne, er dei gigantar. Er det eigentleg noko slektskap mellom alle desse små og dei store, gamle turisthotella?

Ei internasjonal boble

Å ha sommarjobb på hotellet heime var som å tre inn i ei eiga, internasjonal verd: Om kvelden toga turistgruppene inn i den store spisesalen for å ete ein overdådig buffé til den vakre utsikta over fjorden – japanarar, britar og amerikanarar, italienarar … Lukta av parfyme hang att i salongane etter dei og lydane frå spisesalen kan best skildrast som ein kakafoni av ulike språk, klirring i glas og dei høflege frasane frå hovmeisteren som viste gjestane til bords. Arbeidsstokken var også internasjonal, med kokkar frå Sveits og Austerrike og nordiske servitørar som kommuniserte best på engelsk seg imellom.

Dei mange små

Utanom dei store hotella, er reiselivet i Bygde-Norge hovudsakleg sett saman av små bedrifter som ofte er familieeigde og gjerne har ei tilknyting til landbruket. I reiselivet sin spede barndom på 1800-talet, sprang mange av turistverksemdene nettopp ut av gardsbruka; skyssing med hest, overnatting på gardane eller breføring utført av spreke vestlandsbønder. Turismen representerte ei viktig ekstrainntekt for bøndene den gongen, og framleis er det slik mange stadar. Samstundes vert gardsturismen meir og meir trekt inn som del av norsk reiselivsnæring og både vertskapet og produktet i gardsturismen er vorte profesjonalisert.

Juvelen i bygda

Midt på 1800-talet, då dampskipa tok til å trafikkere vestlandsfjordane og utanlandske turistar fann vegen hit, greip lokale entreprenørar sjansen til å skape seg eit levebrød og tok steget ut i den internasjonale reiselivsnæringa. Etter kvart vaks det fram hotell ved vegkryss og kaiar. Allereie frå starten av retta desse hotella seg inn mot den internasjonale turistmarknaden, og hotellverten hadde ambisjonar om å tilby overnatting og servering som tilfredsstilte krava til reisande. Generasjon etter generasjon kjende på pliktkjensla til å drive hotellet vidare, slik som i landbruket. Dei har også til felles at verken hotelldrift eller gardsturisme er ein ni til fire-jobb, men snarare ein livsstil.

Dei store hotella har likevel spelt ei anna rolle i lokalsamfunnet enn dei små gardsturismebedriftene. I mange bygder har hotellet vore ei hjørnesteinsbedrift – ein stor arbeidsgjevar som også har overrisla lokalsamfunnet med oppdrag og impulsar, også til andre turistentreprenørar. Fleire av dei store hotella har etter kvart fungert som storstova i bygda, der bygdefolk har feira bryllaup og samlast i gravferder. Ikkje minst, mange av dei store, flotte hotella i sveitsarstil har vore ein juvel i bygda – noko bygdefolk stolt har vist fram til besøkande. Enkelte hotell har fungert som ein etterlengta møtestad; også fastbuande set pris på eit kjøleg glas kvitvin på hotellverandaen ein varm sommarkveld.

Turistvert versus gardbrukar

Forskingslitteraturen om distriktsreiseliv har ikkje i særleg stor grad inkludert distriktshotella, noko som kan ha med hovudskilnadane å gjere, nemleg storleiken og tilknytinga til landbruket. Medan turisme har vore ein del av mangesysleriet i det norske landbruket, har dei store hotella hatt turistar som hovudinntekt og fulltidsjobb. Gardsturismen har ofte tilpassa turistaktivitetane til landbruksaktivitetar, og til familien sine interesser og behov. For dei store bedriftene kjem oftast turisten i fyste rekke, medan det er familielivet som må tilpasse seg til turismen. Som ein hotelleigar forklarte det: Vi hadde aldri ferie om somrane; ungane visst ikkje kva det var for noko. Målsettingane har òg vore ulike: Medan turistinntektene for bonden var eit middel for å nå eit anna mål – å kunne bu og leve på gardsbruket – har hotelleigaren heile vegen hatt ambisjonar om å leve av turisme.

Utviklingsorienterte

Å «tenkje stort» innan reiselivet inneber for somme hotelleigarar å ekspandere, medan andre higar etter høgare standard og nisjemarknadar. Hotelleigarane som har klart å henge med i konkurransen, har nok vore utviklingsorienterte og opne for endring. Dersom ikkje småaktørane i reiselivet har delt desse ambisjonane, har ein ikkje lukkast med samarbeid mellom store og små. Men i dei tilfella der tilbydarane har funne kvarandre, har store og små utfylt kvarandre. Dersom hotellet var eit tuntre, ville småbedriftene ha vore ein livskraftig og tett underskog, men som ikkje alltid strekk greinene sine like høgt.

Annonse

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Les forskningen om bygdeturismen

Agnes Brudvik Engeset og Reidun Heggem. «Strategies in Norwegian Farm Tourism: Product Development, Challenges and Solutions.» Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism, 2015. doi: 10.1080/15022250.2015.1005332

Forskeren forteller

Denne spalten gir plass til forskere, fagfolk og studenter som med egne ord forteller om sin og andres forskning. Vil du skrive? Ta kontakt på epost@forskning.no

Annonse

Annonse