Tromsø-artisten Anneli Drecker slo gjennom allereie som 17-åring, som vokalist i gothpop-bandet «Bel Canto». Bandet tok Europa med storm, og Drecker har sidan levd av musikken. Hausten 2013 starta ho med noko heilt nytt. Ho tok steget over i forskingas verd.   (Foto: UiT)

Anneli Drecker forskar på musikk ved UiT

I forskingsprosjektet «Den moderne urstemmen» ved Musikkonservatoriet ved UiT prøver Tromsø-artisten Anneli Drecker bokstavleg talt å finne sin eigen urstemme. Drecker beskriv steget over i vitskapens verd som «litt mothårs».

– Slik tenkjer eg nok av og til framleis. Eg kom inn i stipendiatprogrammet med bakgrunn i realkompetansen min. Det var ikkje før eg var halvveis i perioden at eg verkeleg begynte å nyte det. No synest eg det er kjempestas å forske, for eg har funne ein nisje og eit felt som eg alltid har hatt interesse for. Ikkje minst har eg lært mykje. Eg merkar at kunnskapen eg har opparbeidd meg og brukar musikalsk, treffer folk, seier Drecker.

Drecker held no på med siste finpuss på forskingsprosjektet, som ho etter planen skal levere i slutten av april.

– Målet med prosjektet er å utforske det eg kallar «den moderne urstemmen». Omgrepet «forhistorisk stemme» refererer til stemmen som det første instrumentet nokosinne, i gamle samfunn kor song var ein vital del av menneskets uttrykksform, kult og religion – som beskrive av John Koopman i «A brief history of singing», skriv Drecker om prosjektet på nettsidene til Program for kunstnarisk utviklingsarbeid.

Powered by Labrador CMS