Klarte å lage kunstig nyre

Forskarar lukkast i å lage ei kunstig nyre og transplantere henne inn i ei levande rotte for første gong.

Publisert
Ved å nytte ei død rottenyre som reisverk har forskarar lukkast i å lage ei ny nyre som til dels fungerte i ei levande rotte. (Foto: Ott Lab/Center for Regenerative Medicine)
Ved å nytte ei død rottenyre som reisverk har forskarar lukkast i å lage ei ny nyre som til dels fungerte i ei levande rotte. (Foto: Ott Lab/Center for Regenerative Medicine)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Amerikanske forskarar har tatt det første steget mot å kunne lage kunstige nyrer til bruk i transplantasjon.

Forskarar ved Massachusetts General Hospital laga ei rottenyre på laboratoriet, som produsere urin då ho vart transplantert inn i ei levande rotte. Dette skriv BBC.

Studien som er publisert i Nature Medicine viste rett nok at den kunstige nyra var mindre effektiv enn naturens eigen versjon, men forskarane meiner at metoden har stor potensial.

– Dette er eit svært viktig gjennombrot og eit oppløftande resultat, seier avdelingsleiar Pål-Dag Line ved Avdeling for transplantasjonsmedisin ved Oslo universitetssykehus til NRK.no.

_____________________

Les hele saken på NRK.no