- Menneske på desse «forlatte stadane» har nytta seg av stemmeretten anten for å medvite prøve å senke skuta eller for å prøve å endre heile systemet. Ein betydeleg del av denne debatten, er innvandring. Det har i løpet av dei siste åra vorte ei auke i polariseringa med nasjonalisme på den eine sida, og globaliseringskrefter på den andre, skriv Solheim. (Foto: Bill Wechter / NTB Scanpix)

Kronikk: Hevnen til stadane vi forlot

Innbyggjarar på stadar med få moglegheiter gjer opprør frå stemmelokala. Dette kan forklare ein stor del av den høgrepopulistiske bølgja som i løpet av dei siste par år har auka i kraft.

Sigeren til Trump då han vann det amerikanske presidentvalet, presidentvala i Frankrike og Austerrike, eller då britane valde å stemme for Brexit, har noko til felles.

Fellesnemnaren er ein sterk tendens til at stemmene som støtter ei høgrepopulistiske bølgje er lokalisert i «forlatte områder». Det er menneske som bur i periferien, og som gjer revolt fordi dei har ei kjensle av å vere forlatt.

Dei gjer opprør mot den kjensla som dei sit med at dei ikkje har nokon moglegheiter og fordi dei ser at framtidsutsiktene på stadane der dei bur, er dårlege.

«Eliten» mot «folk flest»

«Oss» mot «dei» står sentralt i populismen. Det handlar om å stå imot ein «korrupt elite». Vi såg det då Clinton tapte terreng for Trump. Mange meinte at Trump appellerte til «folk flest» medan Clinton i stor grad representerte eliten.

I Noreg har vi på mange måtar vore forskåna for denne ofselege populismen som har vunne terreng i Europa siste tida. Samstundes så ser ein fleire moment i Noreg som gir grobotn for populisme, mellom anna ein skepsis til «eliten som bur i byane» til forskjell frå «folk flest» «på landet». For det andre, folk som bur i by stemmer annleis enn folk i distrikta og vi ser ei auka grad av populistisk retorikk blant politikarane for å nemne noko.

Stadfestar syn vi allereie har

Måten vi til dømes ser på innvandring («dei») heng saman med korleis vi oppfattar at vi har det i våre eigne liv, og korleis våre liv og moglegheiter er på staden der vi bur. Synet på staden der vi bur formar til dømes korleis vi fortolkar og les sakene som vi er eksponert for i media.

Ikkje nok med det, men den informasjonen som vi tek til oss, er som regel informasjon som bygger på verdisett vi allereie har i oss. Sagt med litt andre ord, så tek menneske ofte innover seg informasjon som er lik den vi kjenner til frå før av. Slik får vi stadfesta at dei syna som vi har, på til dømes innvandring, framleis held mål.

Dette kan ein tenke seg at er knytt til staden der dei bur også, fordi menneske og stadar konstituerer kvarandre, altså det er ein gjensidig påverknad mellom menneske og stadane der dei bur. Derfor kan ein òg observere at stemmegiving på ulike politiske parti nokre gonger har ein geografisk komponent.

Gjør opprør frå stemmelokala

I ein nyleg publisert studie så argumenterer Andrés Rodríguez-Pose ved London School of Economics for at opprøret frå desse forlatte stadane kom frå eit litt uventa hald: frå stemmelokala.

Menneske på desse «forlatte stadane» har nytta seg av stemmeretten anten for å medvite prøve å senke skuta eller for å prøve å endre heile systemet. Ein betydeleg del av denne debatten, er innvandring. Det har i løpet av dei siste åra vorte ei auke i polariseringa med nasjonalisme på den eine sida, og globaliseringskrefter på den andre.

Nokre set jamvel spørsmålsteikn ved om globalisering går inn i revers no som desse nasjonalistiske kreftene er i oppsving. Vi høyrer om «dei forlatte menn og kvinnene». Dei sit i heimane sine og ser at dei har få moglegheiter for å betre liva sine, særleg økonomisk, og fortolkar verda utifrå sin eigen livssituasjon og sin realitet.

Dette har ein sterk geografisk komponent ettersom ein kunne klart skilje geografisk sett mellom dei som stemte på Trump og dei som stemte på Clinton. Likeeins såg ein dette geografiske skiljet då det gjaldt stemmegiving ved Brexit.

Med andre ord, så ser ein det at desse stadane «som er forlatne» går til åtak på dei premissa som økonomisk vekst har vore tufta på, som til dømes opne marknad, migrasjon og globalisering. Det er nettopp desse premissa som skapar grobotn for konfliktar av di mange føler seg trua av denne auka grad av mangfald og kosmopolitisme, og det vert sett opp eit slikt skilje «oss mot dei».

Det som vidare støttar dette er mangfald har vore sett på som eit by-fenomen, og dermed kan tolkast som noko som eliten representerer.

Våre eigne moglegheiter formar måten vi ser verda på

Korleis vi opplever at våre eigne moglegheiter for arbeid og vekst på stadane der vi bu er, formar måten vi ser på verda ikring. Det har lenge eksistert ei felles forståing av at det er dei store byane som er framtida og viktigheita av å halde ein knapp på det som vert lagt fram som «dei vinnande regionane»: dei største og mest dynamiske tettbygde områda.

Ei slik tilnærming spring ut av individualisering av menneska, og at menneske har ein mykje større fridom enn før til å velje kva ein ønskjer seg i livet og kvar ein ønsker å bu. Samstundes så peikar regionale planleggarar og politikarar på viktigheita av sosialt samhøyre og sosial kapital for å kunne vidareutvikle regionar.

Dermed ser ein at det er eit sterkt samspel mellom det å kunne skape regional vekst med tanke på å tiltrekke seg verksemder og menneske som tenkjer «her har vi lyst til å vere» og det å skape gode vekstvilkår og trivsel.

Økonomisk forfall og manglande eller få moglegheiter er kjelda til ei påtakeleg misnøye i regionar som har blitt hengande etter. Rodríguez-Pose framheld at det som må til er ikkje meir politikk, men betre politikk.

Denne politikken må basere seg på dei kvalitetane og moglegheitene som allereie er på plass i regionen, slik at ein kan maksimere utviklingspotensialet som ligg der.

Powered by Labrador CMS