Paolo Macchiarini blir ikkje lenger etterforska for brotsverk av svensk politi. Den svenske påtalemakta har lagt til side etterforskinga etter at den har konkludert med at han truleg ikkje har gjort noko straffbart, men berre har handla aktlaust. (Foto: Karolinska Instituttet)
Påtalemakta i Sverige legg bort etterforskinga av skandalekirurg
Den svenske påtalemakta bestemte før helga å leggja bort etterforskinga mot skandalekirurgen Paolo Macchiarini ved Karolinska Insitutet og Karolinska Universitetssjukhuset.
Artikkelen ble først publisert på Uniforum
Uniforum er en avis som utgis av Universitetet i Oslo. Avisen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.
Det var i 2016 det blei avslørt at kirurgen Paolo Macchiarini hadde utført fem operasjonar på personar som hadde øydelagde luftrøyr. Han erstatta luftrøyra med sine eigenutvikla luftrøyr i plast. Tre av pasientane døydde etter operasjonen. Dei fem operasjonane som blei etterforska, blei utførte mellom 2011 og 2013.
Prorektor Karin Dahlman-Wright ved Karolinska Institutet kommenterer avgjerda slik:
– Me kan konstatera at dette har vore ei kompleks og omfattande utgreiing, og ytterlegare kommentarar om avgjerda til påtalemakta verken kan eller bør Karolinska Institutet gi, uttaler ho i ei pressemelding.
Etterforska for fem operasjonar
Paolo Macchiarini var tilsett både som forskar ved Karolinska Institutet og som kirurg ved Karolinska Universitetssjukhuset.
Den italienske kirurgen blei etterforska for fem operasjonar på fire pasientar frå 2011 til 2013. Kirurgen var mistenkt for i tre tilfelle å ha ført til ein annan person sin død eller påført personar kroppsskader. Tre av desse pasientane døydde.
− Me har kome fram til at det har vore aktlaust å gjennomføra fira av dei fem operasjonane sidan kirurgen utførte operasjonane med syntetiske luftrøyr i strid med vitskap og vitskapleg utprøvd erfaring. Mistanken om at det er eit lovbrot, er likvel ikkje styrkt. Grunnen til det er at me ikkje kan prova om effektane med stor grad av visse hadde blitt unngått med ein annan metode. Når det gjeld den fjerde pasienten, så reknar me ikkje at gjerninga har vore aktlaus, seier påtaleadvokat Jennie Nordin i ei pressemelding.
Har halde 80 avhøyr
Saman med dei to andre påtaleadvokatane Anders Tordal og Leif Appelgren har Jennie Nordin analysert ei stor mengd opplysningar. Om lag 80 avhøyr er blitt haldne i og utanfor Sverige for å få fram opplysningar til etterforskinga.
– Den har vore svært omfattande og med mange vanskelege medisinske spørsmål, seier Jennie Nordin.
Advokaten til Paola Macchiarini, Bjørn Hurtig, opplyser til det svenske telegrambyrået TT at klienten hans er nøgd med konklusjonen til påtalemakta. – Min klient sin kommentar er ganske kort akkurat no. Han er naturleg nok glad og nøgd med at etterforskinga blir lagt ned, seier Hurtig til det svenske nyhetsbyrået TT, ifylgje Khrono.
Avslørt av Sveriges Televisjon
Det var altså i byrjinga av 2016 det blei avslørt i Sveriges Televisjon at medisinprofessoren og kirurgen Paolo Macchiarini hadde bløffa både kollegaer og pasientar om korleis det ville vera mogleg å få erstatta øydelagde luftrøyr med syntetiske luftrøyr, som Macchiarini sjølv hadde utvikla.
Skandalen førte til at både rektor Anders Hamsten ved Karolinska Institutet og den nasjonale universitetskanslaren trekte seg frå stillingane sine. Også fleire av medlemane i Nobelforsamlinga, som deler ut Nobelprisen i medisin, har gått ut av komiteen fordi dei tidlegare har gått god for forskinga til Paolo Macchiarini.
Fusk i vitskapleg artikkel
I desember i fjor konkluderte ei gransking ved Karolinska Institutet med at Paolo Macchiarinis vitskaplege artikkel ”Experimental orthotopic transplantation of a tissue-engineered oesophagus in rats” er basert på forskingsfusk. Artikkelen blei publisert av Nature Communications i 2014, med Paolo Macchiarini som hovudforfattar og tre andre medforfattarar.
Både Macchiarini og medforfattarane har drive med forskingsfusk, er dommen frå Karolinska Institutet. Men for to av medforfattarane, som er juniorforskarar, er det formildande omstende.
To av dei som blei kjend skuldige i forskingsfusk, er seniorforskarar og er ikkje lenger tilsette ved Karolinska Institutet. Difor har det ikkje fått arbeidsrettslege konsekvensar for dei. To andre blir rekna som juniorforskarar, som har vore i eit slags tillitsforhold til dei to seniorforskarane. Dei slepp difor unna med ei åtvaring frå Karolinska Institutet.
Denne artikkelen ble først publisert på Uniforum.