Annonse
Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, avviser at han har handla i strid med lova eller Redaktørplakaten. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)

Redaktør måtte møte på rektors kontor

– Eit brot på Lov om redaksjonell fridom i media, seier generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen. Redaktør og styreleiar vart kalla inn til rektor ved Universitetet i Bergen for å forklare seg etter eit oppslag i På Høyden.

Publisert

Sist veke omtalte På Høyden ein rapport om psykologklinikkane ved Universitetet i Bergen (UiB). Denne veka vart både redaktør Dag Hellesund og styreleiar i På Høyden, Jan Heiret, kalla inn til møte på rektors kontor. Til stades var også assisterande direktør Tore Tungodden og dekan ved Det psykologiske fakultet, Bente Wold, som var intervjua i saka.

– På møtet hevda rektor at dekanen ved fakultetet, Bente Wold, ikkje har sagt det ho er sitert på i saka i På Høyden. Han gav uttrykk for at saka ikkje var etterretteleg, seier Dag Hellesund, som sjølv intervjua Wold og skreiv den omstridde saka i På Høyden.

Hellesund er sterkt kritisk til framgangsmåten til UiB-leiinga.

– Det er uforståeleg at rektor i det heile ønskte dette møtet. Det er klart  i strid med Redaktørplakaten og demokratiske spelereglar når eigar grip inn på denne måten for å gi korreks til redaktøren for noko dei meiner er feil,  seier Hellesund.

Han får medhald av ekspert på presseetikk og generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen.

– Lovbrot

– Dette er eit brot både på Redaktørplakaten og  Lov om redaksjonell fridom, seier Jensen.

Eit samrøystes UiB-styre vedtok i 2011 at På Høyden skal vere redaksjonelt uavhengig og drivast etter Redaktørplakaten, som er eit instrument meint for å verne om den redaksjonelle fridomen. UiB er eigar av På Høyden. 

– Det kan godt hende dekanen har gode poeng, men det er i så fall ei sak mellom intervjuobjektet og redaksjonen. Det bør rektor, som eigar av På Høyden vite. Ansvaret ligg hos og stoppar hos redaktøren. Om ein dialog der ikkje fører fram, kan intervjuobjektet, i dette tilfellet dekanen, klage saka inn til PFU, eller om nødvendig til domstolane. Dette er både eit etisk og juridisk overtramp, seier Jensen.

Ifølge Hellesund har han i etterkant av møtet hos rektor og påstandane som er sett fram snakka med dekan Bente Wold, og han reknar saka som avklart og avslutta.

– Det er også mi oppfatning, seier Bente Wold til På Høyden.

– Ville ivareta På Høyden

Rektor Dag Rune Olsen avviser at han har handla i strid med lova eller Redaktørplakaten.

– Dette handlar om at ein tilsett kjente seg forulempa i ei sak i På Høyden. Då er det naturleg at eg som overordna representant for arbeidsgivar ønsker å finne ut av det. Eg har ei legitim interesse av å ta vare på dei tilsette. Vi ønskte å høyre redaktørens syn på saka. Eg har ikkje prøvd eller ønskt å påverke redaksjonelle prioriteringar eller vegval, seier Olsen.

– Korfor var leiaren i På Høydens styre kalla inn til møtet?

– Eg ønskte at fleire enn redaktøren skulle få høyre den same meldinga.

– Du opplever ikkje at du har handla uryddig i denne saka?

– Nei. Men det er krevjande å ivareta begge roller samstundes – som arbeidsgivar og som eigar av ei avis som På Høyden. Det var også ein grunn til at styreleiar var med, slik at På Høydens syn skulle bli ivaretatt. Eg meinte det var mest ryddig at begge var tilstades, seier Olsen.

Denne saken ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS