Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Endre Szemerédi, årets abelprisvinner. (Foto: Abelprisen)
I samarbeid med:
Denne saken er produsert av NRK.
Abelprisen
Abelprisen blir utdelt for framifrå vitskapeleg arbeid i matematikk.
Prisen er oppkalt etter den norske matematikaren Niels Henrik Abel (1802-1829) og vart oppretta av Stortinget i samband med 200-års jubileet for Abels fødsel.
Prisen blir utdelt av ein komité innstilt av Det Norske Vitenskaps-Akademi. Den er i år på 6 millioner kroner.
Desse har tidlegare fått prisen:
2011: John Milnor
2010: John Torrence Tate
2009: Mikhail Leonidovich Gromov
2008: John Griggs Thompson og Jacques Tits
2007: Srinivasa S. R. Varadhan
2006: Lennart Carleson
2005: Peter D. Lax
2004: Sir Michael Francis Atiyah og Isadore M. Singer
2003: Jean-Pierre Serre
(Kjelde: Abelprisen)
Abelprisen 2012 går til den ungarske matematikaren Endre Szemerédi for hans arbeid innan det matematiske feltet kombinatorikk, grafteori og talteori.
Han får prisen spesielt for Szemerédis teorem og det såkalla Szemerédis regularitetslemma.
– Innan fagfeltet kombinatorikk er det Szemerédi som fortener å få prisen, seier matematikar Arne B. Sletsjøe ved Universitetet i Oslo til NRK Ekko.
Abelprisen er ein internasjonal pris for framifrå vitskapeleg arbeid i matematikk. Prisen blir ofte omtalt som matematikkens Nobelpris.
– Szemerédi har nok vore i diskusjonen i ei viss tid, fordi han er ein klar kandidat, seier Sletsjøe.