Eit intenst behov for mat er ein velkjent bieffekt av kannabis. No forstår forskarar kvifor. (Foto: Colourbox)
Eit intenst behov for mat er ein velkjent bieffekt av kannabis. No forstår forskarar kvifor. (Foto: Colourbox)

Kannabis slår på appetitt-brytar i hjernen

Ny studie viser kvifor kannabis fører til akutt matsug. Funnet kan føre til behandling for menneske som slit med manglande appetitt.

Publisert

At marijuanarøyking skrur på appetitten, er eit velkjent fenomen, men kvifor dette skjer har forskarane ikkje kunne forklare – før no. Dette skriv Nature.

Funnet er interessant for langt fleire enn dei som tar seg ein tjall.

– Manglande appetitt er vanleg ved mange kroniske sjukdommar, blant anna fleire kreftformer og HIV. Hos desse pasientane er faktisk manglande appetitt og etterfølgande lågare stoffskifte ei stor årsak til død. Det fortel Tamas Horvath, som står bak den nye studien, til NRK. Horvath er professor i nevrovitskap ved Yale University i USA.

Han håpar at mekanismen han har vore med på å oppdage kan gi pasientar lenger liv, og gjere slike sjukdommar lettare å bere.

Hormon

I studien som er publisert i Nature, viser Horvath at kannabis slår på ein brytar i cellenes energifabrikkar, mitokondriane.

Når brytaren er av, blir det frigitt eit hormon i hypothalamus som gjer at vi føler oss mette. Når brytaren er på, blir det derimot frigitt eit hormon med stikk motsett effekt, dette aukar appetitten.

For ordens skuld så snakkar vi sjølvsagt ikkje om ein brytar av typen som vi har heime, men om ein reseptor som kan vere enten aktivert eller ikkje-aktivert. Denne reseptoren kallast kannabinoidreseptor 1 (CB1R).

Sjølv om brytaren sit i mitokondriane, blir mettheits-/svolt-hormona frigitt av nokre nerveceller i hypothalamus som går under forkortinga POMC (frå engelsk pro-opiomelancocortin).

– Interessant studie

– Dette er ein interessant studie som gir auka kunnskap om effekten av kannaboidar og matinntak. Det er brukt ein musemodell, men ein har nok grunn til å tru at ein vil sjå liknande effekt hos menneske, seier professor Gunnar Mellgren ved KG Jebsen Senter for diabetesforsking ved Universitetet i Bergen..

– Kunnskap av denne typen vil vere viktig for å kunne utvikle medikament som stimulerer appetitten hos pasientgrupper som har behov for det, seier han.

Heilt nytt er likevel ikkje dette, meiner Mellgren. Han peiker på at det i USA er registrert fleire legemiddel som stimulerer til auka mettheitskjensle hos pasientar med fedme.

Forskarane veit enno ikkje om nervecellene i hypothalamus er involvert i svoltkjensle hos oss vanlege folk, men dei mistenker det. Dette ønsker dei å studere i nær framtid, fortel Horvath.