Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Ei enkel underlivsundersøking kan avsløre spiren til kreft i livmorhalsen. Det vart oppdaga for 70 år sidan. (Foto: praisaeng/Colourbox)
I samarbeid med:
Denne saken er produsert av NRK.
Livmorhalskreft
Livmorhalskreft er ein ondarta svulst som veks ut frå slimhinna i livmorhalsen.
Infeksjon med humant papillomavirus (HPV), som overførast ved seksuell omgang, har vist seg å vere ein viktig faktor for utviklng av denne krefttypen.
Om lag 300 norske kvinner får konstatert livmorhalskreft kvart år.
Masseundersøkinga mot livmorhalskreft har som føremål å redusera førekomsten av denne krefttypen, ved å ta celleprøvar av alle kvinner mellom 25 og 69 år kvart tredje år.
Det er også utvikla ei vaksine mot dei HPV-typane som er forbunde med kreftrisiko.
Kjelde: Kreftforeningen
Med utgiving av boka Diagnosis of Uterine Cancer by Vaginal Smear i 1943 vann celleprøven fram som ein enkel test for å påvise forstadium til kreft i livmorhalsen.
Krefttypen råkar årleg ein halv million kvinner i verda, mange av dei er unge kvinner i utviklingsland.
–Bruken av testen har redusert førekomsten av livmorhalskreft betydeleg i den vestlege verda, seier overlege, dr.med. Rita Steen ved Radiumhospitalet, Oslo universitetssykehus til NRK.no.
Steen fortel at testen er like viktig som då han kom, sjølv om han i dag kan bli brukt på andre måtar, saman med testar for HPV-virus.
Likevel var det ein langdryg fødsel for suksesstesten, som vart funne opp av ein gresk innvandrar til USA.