Over 6 graders temperaturauke svært usannsynleg ved dobling av CO2-nivå

Det mest ekstreme scenarioet for klimafølsamheit er svært usannsynleg, viser den nye klimarapporten. – Viktig funn, seier norsk klimaforskar.

CICERO-forskar Gunnar Myhre er ein av fem norske hovudforfattar på klimapanelets femte rapport. (Foto: IPCC/ CICERO/ montasje NRK)
CICERO-forskar Gunnar Myhre er ein av fem norske hovudforfattar på klimapanelets femte rapport. (Foto: IPCC/ CICERO/ montasje NRK)

I samarbeid med:


 

Saken er laget av NRK Viten.

I FNs femte klimarapport som vart lagt fram i Stockholm i dag er klimaforskarane meir sikre enn nokosinne på at kloden blir varma opp, og at det endringane skuldast utslepp frå menneskeleg aktivitet.

Les samandraget av rapporten her

Eitt av dei sentrale punkta i den nye klimarapporten er kor følsamt klimasystemet er for auke i CO2-innhald i atmosfæren, og kor stor temperaturauke vi kan vente ved ein dobling av CO2-konsentrasjon sidan førindustrielt nivå.

– Vi er sikrare på at klimafølsomheiten ikkje er høgare enn 6 °C, og det er eit ganske viktig funn seier CICERO-forskar Gunnar Myhre til NRK.no.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS